Cecilie Grønntun (t.v.) og Gunvor Bay (t.h.) med den nye ishallen i bakgrunnen. Foto: Tuva Bull Hjeltnes

Ser fram mot opning av ny ishall

Mødrene Gunvor Bay og Cecilie Grønntun gler seg til å sleppa å køyre borna rundt i heile Oslo på trening.
Mandag, 12 oktober, 2020 - 13:25

1.januar opnar Sonja Henie ishall på Frogner. Dette blir Oslo Skøiteklub sin etterlengta nye treningsarena. 

Foreldremøtet for foreldra i Oslo Skøiteklub skjer ute på tribunen på Frogner stadion denne ettermiddagen. Dei fleste foreldra som har møtt opp er foreldre til born som driv med kunstløp. Den nye ishallen vil gjera livet til foreldra og borna litt enklare.

Enklare kvardag

Oslo Skøiteklub har Fronger stadion som heimebane, men problemet er at fram til no har ikkje klubben hatt eigen ishall å trena i.

 – No har eg køyrt rundt over heile byen med born som skal på trening i sju år. Ei veka er det trening i hallen på Furuset, ei anna veka er det i Grünerhallen og så Jordal. Me har følt oss litt som nomadar, ler Grønntun.

 – Oslo vest har ikkje hatt eit godt nok tilbod for isidrettar, så denne hallen er veldig etterlengta, seier Bay. 

Oppkalla etter kunstløpsdronninga 

Den nye ishallen har fått namnet sitt etter kunstløpsdronninga Sonja Henie. Henie vann tre OL-gull, ti verdsmeisterskap og seks europameisterskap på rad. Oslo Skøiteklub var klubben hennar, og det er tydeleg at folk i klubben er stolte over det. 

 – Du må hugsa å få med at Oslo Skøiteklub var klubben til Sonja Henie, skyt Bay inn. 

Ein lang prosess

Per Erik Martinussen er tidlegare leiar for Oslo Skøiteklub og har vore ein pådrivar for ishallen heilt frå starten av.

 – Korleis har prosessen med å få til ein ishall på Frogner vore?

 – Du kan seie at det har vore ulike forsøk på å få til ein ishall, og det har vore pådrivargrupper som har jobba for dette heilt sidan starten av 2000-talet. Først i 2005 vart planane meir konkrete, og i 2007 vedtok Oslo Bystyre planane for Frogner Sportspark der ishallen også skulle byggjast. Det har oppstått ein del utfordringar undervegs, blant anna der reguleringsplanen vart forsinka av ei fredning av Frognerparken. Etter kvart vart det utarbeida ein ny reguleringsplan der ein tok omsyn til Frognerparken, den vart godkjent i 2013. Same år blei det også løyvd budsjettmidlar til bygging av ishallen, fortel Martinussen.  

Bygginga av ishallen starta hausten 2018, og skal vera klar til bruk frå 1.januar 2021. Hallen skal vera eit anlegg for kunstløp, kjelkehockey/ishockey, kortbane og andre isidretttar, i følgje Oslo kommune sine nettsider.


Elias Christensen, leiar i Oslo Skøiteklub, synest det er på tide at klubben no får ein ishall. Foto: Tuva Bull Hjeltnes

Håpar på auka rekruttering

Fram til no har altså klubbmedlemmar vore nøydde til å trena på mange ulike arenaar. Leiar for Oslo Skøiteklub, Elias Christensen, skjønner at ein del foreldre kan synest at det er kronglete. 

 – Det gjer det nok vanskeleg for ein del foreldre som har ein hektisk kvardag. No brukar me blant anna ishallane på Furuset, Jordal og Grünerløkka. 

Han håpar at den nye ishallen vil bidra med å auka rekrutteringa til klubben, særleg med tanke på breiddeidretten. 

 – Det at me no snart har ein tilhaldsstad vil forhåpentlegvis gjera at fleire born og foreldre trekkjer til klubben, seier Christensen. 

NM i januar

Klubben har allereie takka ja til å arrangere NM i kunstløp 15.-17.januar 2021, berre to veker etter at hallen er opna. For at NM skal gå i boks er klubben avhengig av at mange av foreldra stiller opp som funksjonærar, og planlegginga den startar no. Christensen seier at det vert hektisk, men at det blir ein fin måte å opna hallen på. 


Slik skal Sonja Henie ishall på Frogner sjå ut. Illustrasjon: Dyrvik Arkitekter 

 

Emneord: