I år blir det ingen salsbodar i handlegatene på Jul i Vinterland. Foto: Jul i Vinterland

Jul i Vinterland blir annleis enn tidlegare

For å ta omsyn til smittevernreglane blir Jul i Vinterland betrakteleg mindre i år. Men arrangørane håpar og trur at folk vil ta turen likevel.
Tirsdag, 3 november, 2020 - 21:20

I år er sikkerheita og helsa til alle dei besøkande og tilsette ekstra viktig når Jul i Vinterland skal arrangerast. I fleire månader har arrangørane jobba iherdig med smitteverntiltak, og å finne alternative løysingar for å kunne arrangere på ein god og forsvarleg måte.

– Området vert redusert med heile nitti prosent og absolutt alle tradisjonelle utsalsbodar, arrangement- og underhaldningselement skal utelatast i år for å unngå trengsel, fortel Aasmund Lund, pressekontakt for Jul i Vinterland over e-post til Journalen. 

Lund legg også til at dei til ei kvar tid vil innrette seg etter dei gjeldande retningslinjene, i tråd med myndigheitene sine smittevernkrav. 

Trur folk kjem 

For å redusere store køar og forsamlingar blir det i år ingen salgsbodar i handlegatene. Det vil heller ikkje vere utsalg og smaksprøvar som tidlegare år, og det meste av serveringa vil skje ved borda. Men til tross for smittesituasjonen trur Lund folk kjem til å reise på marknaden. 

– Me håpar og trur at Jul i Vinterland vil vere eit kjærkomme tilbud for Oslo sine innbyggjarar og tilreisande i år også. Jul i Vinterland har alltid handla om å bringe familie og venner saman i eit trygt, magisk og fortryllande univers for å feire høgtida, seier Lund. 


Spikersuppa i full julestemning. Foto: Jul i Vinterland 

Fleire andre julemarknader rundt om i landet har valt å avlyse på grunn av den auka smitten i landet. Blant anna julemarknaden på Festplassen i Bergen. Allereie i sommar fastlo Bergen Julemarked AS at julemarknaden ikkje kunne arrangerast på ein trygg måte, i følgje NRK Vestland og Dagbladet

Opnar som planlagt 

Per dags dato trur ikkje Lund det er nokon grunn til å tru at dei ikkje opnar portane som planlagt 14. november.

– Sjølv om det vil bli eit noko annleis Jul i Vinterland enn det gjestane våre er vane med, kan me love å gjere vårt ytste for å bringe litt etterlengta julestemning til hovedstaden, avsluttar Lund.