Dette blir den einaste sportsbutikken i Sirdal

I desember får Sirdal sin første, og einaste sportsbutikk til glede for både lokale og turistar.
Tirsdag, 24 november, 2020 - 11:53

Hyttekommunen Sirdal har tidlegare hatt små sportsutslag, men ingen av desse slo rot. Nå startar Julie Olsen (25) opp ein heilt ny sportsbutikk, og satsar på mangfald av utval som både dei lokale og turistar kan nytta seg av. Ho har blitt medlem av sportskjeden Stadion, som også sportsbutikkar som Hetland Sport og Tengesdal Sport er med i. 

Olsen trur dette kan vere med å styrke Sirdal sitt tilbod, og håpar fleire vil ta turen innom i vinter. Ho legg til at det sjølvsagt vil vere smittevernhensyn, men håpar på ein god oppstart. 

Sjå video øverst i saka.