Generalsekretær i HLF Henrik Peersen prøvar gjennomsiktig munnbind. Foto: Bjørg Engdahl, Din Hørsel

Munnbind skapar problem for høyrselshemma

Høyrselshemma gir uttrykk for at det er vanskeleg å kommunisere med folk som brukar munnbind.
Onsdag, 4 november, 2020 - 12:19


Linda Kvaksrud Hansen frå Døveforbundet. Foto: Norges Døveforbund 

 – Personar med høyrselshemming er avhenigig av å munnavlese for å skjønne kva andre seier, og med munnbind er det heilt umogleg å munnavlese, seier Linda Kvaksrud Hansen, kommunikasjonsrådgjevar i Norges Døveforbund i e-post til Journalen. 

Hansen seier at dei har møtt folk som fortel at dei slit med å forstå folk som brukar munnbind. Døveforbundet har også sett at problemet blir diskutert i fleire Facebook-grupper for høyrselshemma. 

Vil ikkje ta av munnbind 

Vidare fortel Hansen at ho har vore til både dyrlegen, fastlegen og legevakta utan at dei tok av munnbindet då ho ba dei om det. 

 – Me må respektere dei som er redde og vil ta forholdsreglar, men det går ut over oss som høyrer dårleg. Me blir endå meir ekskludert, og det blir endå vanskelegare for oss å ta kontakt og be om hjelp når me er ute. 

Hansen opplever også at mange av dei med munnbind no nølar med å kommunisere med penn og papir, eller mobiltelefon, fordi dei er redde for å komme for nære. 

Gjennomsiktige bunnbind

Ei løysing på problemet kan vere gjennomsiktige, og dermed høyrselsvennlege, munnbind. I fleire andre land har slike munnbind kome på marknaden.

Hørselshemmedes Landsforbund (HLF) har jobba for at produktet også skal kome på den norske marknaden. Helsedirektør Espen Rotrup Hansen seier til nettavisa Din Hørsel at dei hittil ikkje har vurdert forslaget om sal av høyrselsvennlege munnbind. 

HLF har derfor gått til innkjøp av munnbinda sjølv. Redaktør i Din Hørsel Tor Slette Johansen kan bekrefte til Journalen at HLF har bestilt eigne gjennomsiktige munnbind for sal gjennom deira nettbutikk, og at dei vil få ei ny ladning med munnbinda i desse dagar. 

Ikkje i sal i butikkane enno

Døveforbundet har også jobba for at høyrselsvennlege munnbind skal kome på marknaden. Dei har vore i kontakt med Sykehusinnkjøpet i forbindelse med innkjøp av munnbinda. Noko av svaret Døveforbundet fekk frå dei var:

“Me jobbar med å finne ein leverandør på denne typen munnbind, men slit litt med dei minste kjøpsvoluma dei opererer med. Marknaden for slike munnbind er eit ukjent felt, og for å oppnå ein grei innpris må me opp i ganske heftige minimumsordrar.”

I svaret til Døveforbundet skriv også Sykehusinnkjøpet at dei som profesjonell leverandør av medisinsk forbruksmateriell må sikre at alle godkjenningar er i orden for den norske marknaden. Dei jobbar opp mot tre forskjellige produsentar, men det tek tid å forhandle med produsentar i Amerika eller Østen. Desse produsentane er for tida opptekne av dei store voluma, og då slit lille Norge.