Merete Liland ser fram til snøen legger seg og skitrekket kan opne. Foto: Borghild Kvæven

Optimisme blant skitrekka

Sesongen nærmar seg for skitrekka i Sirdal, og trass utfordringar med koronapandemien ser dei fram til vinteren.  
Fredag, 20 november, 2020 - 14:27

Snøen daler lett ned i Sirdal Skisenter, eit av dei tre skitrekka i Øvre Sirdal, men er endå ikkje komen for å bli. Sjølv om mildvêret i november ser ut til å halde fram er årets skisesong rett rundt hjørnet, det håper i alle fall skitrekka på.

– Det blir ein annleis sesong, men det vil absolutt bli gjennomførbart, seier Merete Liland, serviceleiar i Sirdal Skisenter.

I vår måtte skitrekka brått stenge då koronapandemien kom, men dei fekk opna att før snøen forsvann heilt.

– Me fekk verdifulle erfaringar i vår som me tek med oss nå. Då innførte me fleire nye rutinar med køsystem, som me vil halda fram med, seier Runar Tjørhom, assisterande driftsleiar i Fidjeland Skitrekk.


Snøen ligg på toppane, men har ennå ikkje kome heilt ned til Fidjeland Skitrekk. Foto: Borghild Kvæven

Håpar på forståing

Lik i vår vil det vere fleire smittvernstiltak i alle skitrekka denne sesongen, blant anna køsystem alle stader det oppstår trengsel.

– Me ber om forsting frå våre besøkande at det kan bli litt meir venting enn vanlig, og me er avhengige av dei følger dei smittevernstiltaka me har satt på plass, seier Liland.

I Sirdal Skisenter må også alle kjøpe billetten online denne sesongen, dette for å kunne ha smittesporting dersom noko skulle skje. Nytt er også at skiutleiga i Ålsheia vil vere stengt, men skiutleiga i Tjørhomfjellet vil ha utvida opningstider. Liland har trua på at besøkande er tolmodige og følgjer tiltaka.


Det vil vere oppmerka kø ved stolheisen i Sirdal Skitrekk. Foto: Borghild Kvæven 

I motsetning til i vår vil varmstovene halde opent, men også her med nye tiltak.

– Ein kan bestille på borda nå, med ein QR-kode, og så kjem bestillinga rett til bordet. Dette gjer det jo også mykje lettare for kundane, for dei vil sleppe kø, seier Liland.

Ho legg til at medbrakt mat blir ikkje lov i varmestuene i år i Sirdal Skisenter, men dei vil leggje til rette for at besøkande kan sitte ute og ete. Også i Ådneram Skitrekk fortel daglig leiar Ånen Ådneram at dei vil flytte fleire bord ut for å ha god nok plass.

– Det blir nok mindre kapasitet for at me skal klara å oppretthalda ein meters regelen, men me ser fram til å opna, seier han.

Liland legg til at smittevernstiltaka er kontinuerlig under endring ettersom dei får fleire erfaringar og følger smittesituasjonen.  

Nye arbeidsområder

Skitrekka har alle fleire sesongarbeidarar, deriblant mange lokale ungdomar, som jobbar for dei. Desse kan sjå fram til å få kome tilbake på jobb, om enn med fleire arbeidsområder enn vanleg.

– Det vil bli meir varierte oppgåver på alle denne sesongen, og alle vil hjelpe til der det trengs. Men det kan jo vere kjekt med litt variasjon, smiler Liland, som ser fram til å ønskje både gamle og nye tilsette tilbake til Sirdal Skisenter.

Ho fortel det vil vere færre heisassitentar enn før, men framleis mogeleg å få hjelp av heisførar. Vasking er det også stort fokus på alle stader, samt fleire arbeidsoppgåver i forhold til køane. Også i Fidjeland og Ådneram skitrekk får sesongarbeidarane kome tilbake.

– Me har same arbeidsstokken som vanleg, så blir det ein tilleggsoppgåve for alle på jobb å passa på smittevernsreglane og sjå at folk følgjer dei, seier Tjørhom.

Bra sesong

I sommar har fleire enn vanleg nytta seg av hyttene sine i Sirdal, noko alle tre skitrekka trur, og håpar, vil halde fram i vinter.

– Me har trua på ein god sesong ja. Me ser det blir meir og meir folk i hyttene og det blir også bygga meir hytter på Fidjeland, så det lovar godt, seier Tjørhom.

Nå held trekka på med klargjering, og ventar på at kulden skal sette inn så snøkanonane kan starta produksjonen.

– Me vil opna så fort det blir snø, og satsar i alle fall på i midten av desember. Eg har trua på at det blir ein bra sesong meg mykje snø, seier Liland.

Ådneram ser også fram til å opne, og er klar på at det er mykje betre å vere i gang og opne, sjølv om sesongen kan by på utfordringar, enn å måtte stenge slik som i vår.


Ådneram Skitrekk ventar berre på snø og minusgrader for å sette i gang snøkanonen og åpne trekket. Foto: Borghild Kvæven 

– Nå er alle snøkanonane ute og klare til å sette i gang. I sommar har me også gravd ut betre trase i fjelltrekket så det blir lettare å opna det tidleg, seier Tjørhom.

Liland fortel førebuinga også er i full gang i Sirdal Skisenter, og seier:

– Me har førebudd oss så godt me kan, og lagt til rette for at det skal bli ein bra sesong. Så er me klar over at det blir annleis men me trur det kjem til å gå bra.

Emneord: 
Tags: