Å vere skreddar i koronatid
– Det var veldig vanskeleg i nokre månader då korona kom i mars, så gjekk det litt betre i sommar, men no er det verre igjen, seier Jawhad Mohammadi til Journalen.
Mohammadi er eigar av skreddarbutikken Din Skredder i Oslo, og han har mista 80 prosent av kundane sine under korona. Han syr blant anna dressar og har fått mange avbestillingar frå folk som skulle i bryllaup.
På andre sida av landet finn me Hilde Petersen Nyløkken, som ikkje har merka den store forskjellen på økonomien i koronakrisa. Ho kan også fortelje om andre skreddarar som har fått meir å gjere etter korona, blant anna fordi konfirmanar som eigentleg skulle konrfirmerast i vår, må tilpasse bunaden sin igjen.
Klikk på lydfila under for å høyre korleis dei to har opplevd koronasituasjonen.