Direktør på Nobels Fredssenter Kjersti Fløgstad opnar seminaret på Nobels Fredssenter. Foto: Tuva Bull Hjeltnes

Diskuterte mat, makt og moglegheiter

12.januar arrangerte Nobels Fredssenter eit digitalt seminar om bærekraftige matsystem, og diskuterte korleis Norge kan vere med på å setje samanhengen mellom matsikkerheit og konflikt på agendaen.
Tirsdag, 12 januar, 2021 - 15:40

10.desember 2020 mottok Verdas Matvareprogram (WFP) Nobels Fredspris for deira innsats i kampen mot svolt og arbeid for fred. Nobels Fredssenter starta det nye året med å diskutere nettopp denne tematikken. 

Kampen mot svolt og feilernæring

I dag samla Nobels Fredssenter og UN Global Compakt aktørar innan mat, landbruk og fiskeri for å diskutere ulike aspekt ved arbeidet med bærekraftsmål 2, som er å utrydde svolt innan 2030. Dei diskuterte også kva slags mål ein bør ha for 2021, og kva rolle dei ulike aktørane kan ta i kampen mot svolt og feilernæring.


Anne Poulsen i Verdas Matvareprogram var med i panelet. Foto: Tuva Bull Hjeltnes 

Blant dei som deltok på seminaret var norsk direktør i Verdas Matvereprogram Anne Poulsen. 

– Me hadde eit par år etter at bærekraftsmåla vart laga der det gjekk bra, og me såg framgang. Men så byrja det å gå den gale vegen, og i dag ser me på ein situasjon der ein av ni personar i verda må gå og legge seg svoltne kvar kveld. Årsaken til at me ser denne endringa er at det har vore ei auking av konflikt i mange land, og sjølvsagt på grunn av klima og økonomi, seier Poulsen.

Representant for Norad, Stig Traavik, seier at det me er inne i ei farleg utvikling, der til dømes dei økonomiske konsekvensane av koronapandemien kanskje enno ikkje har slått inn for fullt i dei fattigaste landa, og dette er gjerne land med mykje konflikt. 

–I tillegg har matproduksjonen fram til i dag etterlikna industrien, og produserer altfor mykje på ein plass, som fører til for stor belastning. Me må byrje å etterlikne naturen i staden og produsere meir variert, seier Traavik. 

– Me må skifta til eit meir planterikt kosthald, me må teikna eit anna bilde av matframtida. Me på få til noko tilsvarande av det som skjedde frå år 2000-2015, då heile verda gjekk saman om å nå tusenårsmåla, sa Olav Kjørven i EAT Foundation. 

FN-toppmøtet om mat

Noko alle nemnte som viktig var FN sitt internasjonale toppmøte om matsystem hausten 2021. 

«Høsten 2021 skal FN arrangere et stort toppmøte om internasjonale matsystemer. Sammenhengen mellom matsikkerhet og konflikt er ikke tema for dette møtet – enda. Men det bør bli det», skriv Nobels Fredssenter sin direktør Kjersti Fløgstad i kronikken «Mat, makt og muligheter», i forbindelse med seminaret. 

1.januar i år vart Norge medlem av FN sitt sikkerheitsråd. Dette meiner Fløgstad er ein unik moglegheit for Norge til å påverke. 

Næringslivet og myndigheitene må inn

Representantar for næringslivet var også i panelet, blant anna gjødsel- og næringsmiddelprodusenten Yara. 

– Me jobbar for at landbruket skal vere bærekraftig, såkalla regenerativt landbruk. Det går ut på at matproduksjonen føregår slik at ein ikkje brukar opp ressursane, ein skal gi like mykje tilbake som ein tek ut frå naturen. 

Utfordrande 

– Det er ikkje enkelt dette her, det er ganske mange utfordingar. Men for å få til endring må ein vite, ville og så gjere. Siste ord er ikkje sagt om dette temaet, avsluttar Fløgstad. 

Emneord: