Kommunane skal bruke midla på tilrettelegging av digital heimeundervisning. Foto: Tuva Bull Hjeltnes

Millionstøtte til digital undervisning

240 kommunar over heile landet får støtte til tilrettelegging for digital heimeundervisning for elevane.
Onsdag, 13 januar, 2021 - 13:07

I ei nyheitsmelding på Regjeringa si heimeside kjem det fram at det har blitt utdelt 80 millionar i støtte til digital undervisning i kommunane i 2020. Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby seier i pressemeldinga at koronapandemien gjorde at skilnaden i utstyr, infrastruktur og kompetanse fekk mykje meir å seie enn tidlegare.

Tilskota skal blant anna bidra til å jamne ut sosiale skilnader, fordi ikkje alle har det utstyret dei treng. 

Her er alle kommunane som har fått støtte i 2020.

Oslo får to millionar 

Ein av kommunane som har fått støtte er Oslo, som har fått utdelt to millionar kroner. 

– Koronapandemien har vore ein vekkar for mange skular med tanke på nødvendigheita av digitale ressursar. Det var takka vere at mange elevar i Osloskulen hadde tilgang til digitale einheiter frå før av, at skulane stort sett var så godt rusta til å handtere digital undervisning, seier kommunikasjonsrådgjevar ved Utdanningsetaten i Oslo kommune Kristine Strømmen til Journalen. 

Strømmen seier vidare at med desse midla kan endå fleire elevar få god tilgang på digitale verktøy. Føringane for tildelinga er at dei skal brukast på einheiter til elevane, og voksenopplæringa skal også prioriterast.

– Detaljane for korleis midla skal brukast er ikkje klare enno. Me skal lage ein plan for fordelinga av midla i løpet av januar, seier Strømmen. 

Vidarefører tiltaket 

Regjeringa vil vidareføre støtta ved å gi 70 millionar til kommunane i 2021, slik at den totale summen som går til utjamning av skilnadar ved digital opplæring blir 150 millionar. 

Emneord: