Vinterferierushet har ikkje starta endå, og berre ein skiløpar er å sjå i den oppspora og isete løypa i dag. Foto: Borghild Kvæven

Dårlege nyheiter for vinterferien

Stor nedbørsmengd, slitte løyper og stopp av heiskortsal er den triste tjuvstarten på vinterferien i Sirdal.
Fredag, 26 februar, 2021 - 11:56

Veke ni er det duka for vinterferie i Rogaland, og det er forventa omkring 15 000 turistar til Øvre Sirdal i tillegg til eventuelle dagsturistar. Draumeføret som var tidlegare i vinter må dei dessverre sjå lenge etter.

Varme temperaturar og mykje regn har tært på både langrennsløypene og skibakkane, og på måndag måtte Sirdal Skisenter stenge heiskortsalet til vinterferien.  

– Akkurat nå går det ikkje så bra nei, og me må ta det litt dag for dag. Ingen kan styra været dessverre, seier Merete Liland, serviceleiar i Sirdal Skisenter.

Dei trøstar med at det ikkje er fare for at heile trekket stenger då kunstsnøen er meir robust.

–Driftsteamet jobbar på spreng for å prøve å redde løypene, så me håper jo det betrar seg og me kan få ein fin vinterferie, seier Liland.  

Også Sirdalsløyper, som køyrar langrennsløypene, opplyser at dei ventar eit par dagar med å køyra nye løyper.


Isete og slitte løyper er foreløpig status i Sirdal. Her er løypa inn Degvegen. Foto: Borghild Kvæven 

– Men ein del trasear står greitt, og kan brukast, legg dei til på Facebook sida si.

På tross av desse dårlege nyheitene ser det ut til at vinterferien kan bli nedbørsfri ifølge Yr sitt varsel, noko som lovar godt for både løyper og turistar.