Maren Synnevåg har vore ein av tvilarane, men no veit ho kven ho skal stemma på. Foto: Tone Ollestad

Valet har starta

Veljarar i Oslo har bestemt seg. No strøymer dei til vallokala for å gje stemma si.
Mandag, 13 september, 2021 - 14:37

Ein halvtime før valet opnar på sjølvaste valdagen er det tyst utføre Bolteløkka barneskule. Skulegarden som annars ville vært full av barneskrik og latter er i dag arena for utføring av demokratiet.


Alle smittevernsreglar er på plass for å sørgja for eit trygt val. Foto: Tone Ollestad

Den fyrste veljaren som kjem til vallokale heiter Maren Synnevåg og er på plass allereie 20 minutt får dei opnar. Ho har budd i byen sidan 1998 og stemmer fast ved Bolteløkka skule ved kvart val. 

Sjølv om det har vært et annleis år med avstand, sprit og hyppig handvask, er det ikkje pandemien som er avgjerande for kven som får Synnevåg si stemme.  

– I år har klima vært viktigast. FNs klimarapport ga utslag, spesielt då eg har ungdomar og ein toåring heime, seier ho.

Ho har merka ein forskjell i korleis folk snakkar om klima det siste året. Mange har tidlegare valt å skyva det framover, men det går ikkje lenger. Det er ingen tvil om at ho meiner at det er viktig å stemma.  

– No er det alvor, seier ho.  

I tillegg til klima er ho opptatt av god skole, helse og rusreform. Hu trur det blir et regjeringsskifte i år, men er spent på korleis konstellasjonane på venstresida vil sjå ut om det blir tilfellet.  


Til tross for at rekordmange har forhandsstemt, er det mange som stemmer på valdagen. Foto: Tone Ollestad

Må ta vare på stemmegivinga

Fem minutt før valet opnar kjem ein voksen mann haltande på krykkjer inn mot køen. Lars Elling trudde han var tidleg ute, og er overraska over at han har hamna så langt bak i køen. Han hadde vurdert å forhandsstemma i år, men synast det er kjekkare å stemma på sjølve dagen. 

– Det er noko høgtideleg ved valdagen og å utføra borgarplikta vår. Stemninga var den same då eg tok vaksinen, seier han.

Av dei 104 vallokala som er i Oslo vel Elling fast å stemma på Bolteløkka skule. Han meiner me må ta vare på stemmegivinga, og at me er heldige i Noreg som har demokrati. Han kan og merka på valfunksjonærane at dei er fornøgde for at folk kjem og stemmer. 

Innan vallokala opnar har det samla seg 20 menneskjer i kø, klar for å utføra si borgarplikt. Dei følg alle med når leiaren av vallokale stiller seg på trappa utføre inngangen og erklærer høgtideleg med klar og stødig røst:  

– Stemmegivinga kan ta til.

Emneord: 
Tags: