BLID: Viggo Venn i døra på Nieu Scene. Foto: Tuva Bull Hjeltnes

Med livet i ein bag

Viggo Venn la igjen tala i Agder, no går han med klovnenase på jobb.
Fredag, 17 september, 2021 - 13:12

Døra til Nieu Scene på Torshov opnast og ut tittar eit smilande ansikt. Det er Viggo Venn.

– Hei, bli med inn. Det er generalprøve her, så me må vera litt stille, kviskrar han mens han viser veg opp i andre etasje.

Venn ser på klokka på mobilen og informerer om at han har to timar og femten minutt sett av til intervjuet før han må gå for å sette på ein klesvask. Vener av Venn seier han er den fødte klovn, både i og utanfor privatlivet. Han er til og med fødd med eit passande namn.


KLOVNEN: Venn dreg fram ei klovnenase frå jakkelomma. Foto: Tuva Bull Hjeltnes

– Eg heiter faktisk Viggo Venn, men det er ingen som trur på meg når eg seier at det er namnet mitt. I passkontroll og grenseovergangar ler dei alltid av meg. Og i alle fall viss eg seier at eg er klovn i tillegg.

Han tek ein neve peanøtter som står på bordet og prøvar å finne den mest behagelege stillinga i stolen. Diskokuler og grøne planter heng ned frå taket i rommet. Berre det gule lyset frå nokre vegglamper skin svakt. Også litt dagslys finn vegen gjennom gliper i dei tunge gardinene. Latter og musikk høyrast frå underetasjen.

Han er mykje ute og reiser, men akkurat no bur han hos ein kompis i etasjen over Nieu scene. Til vanleg har han base i London. Eller, han er eigentleg ikkje heilt sikker på kvar han har base. 

– Eg har ikkje hatt skittentøykorg på åtte år, seier han og ler.

Venn har på seg ei blå T-skjorte, mørke bukser og på hovudet har han ein caps. Han landa på Gardermoen for nokre timar sidan. Dei siste dagane har han vore i Ålesund på jobb som sjukehusklovn, og i helga skal han for fyrste gong på lenge ha show på Nieu Scene. Det er travle dagar igjen. 

Der det heile starta

Viggo lev ikkje eit liv innanfor A4-rammene. Han er ein av få nordmenn som kan kalle seg yrkesklovn. Det heile starta med stand-up, og interessa for stand-up skaut for alvor i veret då han kjøpte billettar til alle showa på ein stand-up festival på Latter i 2010.

– Eg brukte alle studiepengane mine på billettar. Eg såg blant anna Martin Beyer-Olsen og Lars Berrum som gjorde noko heilt crazy greier på scena, og eg byrja å tenkje at eg og ville gjere noko liknande, seier Venn.

Etter festivalen på Latter reiste han og ein kompis til Edinburgh for å sjå stand-up, etter anbefaling frå Beyer-Olsen. Dei fekk anbefalt eit par show, blant anna eit klovneshow. Kompisen var ikkje så gira på å reise på klovneshow, så Venn enda opp med å gå åleine på showet.

– Ja, eg blei jo litt Viggo Vennelaus, men det showet er det morosamaste eg har sett i heile mitt liv, fortel han oppglødd.

I det øyeblikket fann han ut at dette ville han også gjere. Etter showet i Edinburgh var han bestemt på å lære meir om klovnefaget.

Skule i Frankrike


LÆREMEISTAREN: Venn med lærar Philippe Gaulier. Foto: Instagram 

Venn vart med på eit kurs med ein av dei som stod bak klovneshowet i Edinburgh, og her blei han anbefalt å reise til Frankrike for å møte klovnemeistaren Philippe Gaulier.

Slik enda han opp i Frankrike på den segnomsuste klovneskulen Ecole Philippe Gaulier. Men før det måtte han reise heim til Norge for å avslutte økonomistudiet han hadde byrja på ved Universitetet i Agder. 

Først var han i Frankrike i ein månad for å lære meir om klovning, men returnerte seinare for å gå heile studieløpet over to år. Han fann ut etter at han hadde byrja der at det var ein teaterskule han hadde byrja på, ikkje ein klovneskule.

Læraren hans Philippe Gaulier var ein god læremeistar. Ein 76 år gammal fyllik med svært grått hår, stor nase, og som hadde hatt kreft fire gonger og var blind på det eine auget.

Allsidig og meiningsfylt yrke

Akkurat no driv Venn berre som klovn, ingen stand-up. Det han ikkje visste om klovning var at det er så allsidig. Klovning er nok teater til at han kan opptre på ei teater-scene, morosamt nok til å stå på stand-up-scena og han kan jobbe på sjukehus.

Sjukehusklovn er noko han bryja med for omtrent to år sidan. Men først var det ei lang opplæring, for å vere sjukehusklovn er ganske forskjellig frå å klovne på ei scene framfor publikum. På stand-up-scena er han klin gæren, mens på sjukehuset er det noko litt anna. Der handlar alt om å lytte og å fange opp små detaljar i rommet. 

Ein dag på jobb som sjukehusklovn knirka skoen til ein liten gut på fem-seks år i møte med golvet. Det var den lille detaljen Venn og kollegaen trengte.

Venn byrja å gnikke skoen sin mot golvet, slik at det laga den same knirkelyden som skoen til guten. Guten laga knirkelyden igjen. Så var det partnaren til Venn sin tur. Ho prøvde, men fekk det ikkje til. Slik vart Venn og guten plutseleg på lag, dei fekk til noko den andre sjukehusklovnen ikkje fekk til. Dei hadde noko til felles. Guten lo. Slik heldt dei på gjentatte gonger. 

– Me prøvar å ta det som er der frå før av og lage noko magisk samman med bornet. Slik kan dei vere med på å bestemme leiken, fortel han. 

Å velje klovning som yrkesveg har ikkje vore ei sjølvfølge. Venn har ikkje alltid likt å underhalde. Då han var yngre var han eigentleg ganske sjenert. 

No er han ikkje så sjenert lenger, men han blir alltid nervøs før han skal opptre. Dei siste åra har han opptredd så mykje at han faktisk av og til gløymer å bli nervøs. Han meiner imidlertid at det også kan vere fint å bli nervøs og å kunne vise det. For klovning handlar også om å vise sårbarheit.

– Det er jo kanskje den aller viktigaste forskjellen på klovning og stand-up. Folk som driv med stand-up er litt kule, mens klovnar går for å drite seg ut. Me brukar sårbarheita for alt den er verdt. 

Den verste sceneopplevinga

Det verste han har opplevd på scena var då han gjorde eit show på universitetet i Agder. Han og ein kompis vart spurt av kommunikasjonsforeininga på universitetet om dei kunne underhalda på ein fagdag. Då hadde dei ingen erfaring frå før av, og avtalen var at dei skulle underhalde i ein halvtime. Dei to kompisane hadde tre minutt med vitsar. 

Etter dei to venane var ferdige med det tre minuttar lange opplegget, viste Venn i panikk fram ein powerpoint han hadde laga om smørkrisa, mens kompisen stod og dansa på eit piano i kjole og kvitt. Ingen lo. Dei veksla desperate blikk seg imellom, men dei kunne ikkje anna enn å fortsette. Dei hadde jo fått betalt for ein halvtime.

Venn reiser seg opp for å demonstrere korleis kompisen hadde stått og dansa på pianoet og korleis han sjølv stod og peika på powerpointen om smørkrisa. Han ler. 

Då kompisane gjekk av scena, hadde det kome ein fyr bort til dei. 

– Han sa at det var det jævlegaste han hadde sett i heile sitt liv, utbryt Venn. 

På fest med dei rike i L.A.

Det sprøaste Venn har opplevd når han har turnert rundt som klovn er den gongen han og venane underheldt på eit riking-arrangement i Los Angeles. Det var eit slikt arrangement der heile gater vart sperra av og arrangørane hadde leigd fleire teater og ein haug med restaurantar.

For å delta på arrangementet måtte ein punge ut med ti tusen dollar, med mindre ein var der for å underhalde. Venn og gjengen kjente nokon i eit band som skulle opptre på arrangementet, og plutseleg vart dei sjølve spurt om dei ville opptre. Det takka dei sjølvsagt ja til. 

Folka som deltok på arrangementet var typiske Silicon Valley-gründarar. Det var fleire selebre namn på talarlista, blant anna den kjente gründaren Elon Musk. Rolla Venn og dei andre klovnane hadde var at dei skulle underhalde folk som deltok på arrangementet.

Klovnane blei einige om å ikkje seie til nokon at dei var klovnar som var der for å underhalde, men gjekk rundt i korpsuniformar og laga god stemning. Dei fortalde folk at dei var på veg til ein konkurranse for musikkorps, men at dei hadde gått feil. Dei vart svært populære blant rikingane.


Venn byr på seg sjølv. Foto: Tuva Bull Hjeltnes 

På eit tidspunkt ber DJ-en klovnane i korpsuniform om å gå opp på DJ-bordet, mens omlag fem hundre av dei mange tusen deltakarane dansar vilt på dansgolvet framfor. 

Venn reiser seg frå stolen igjen og byrjar å marsjere på golvet, slik dei hadde stått oppå DJ-bordet framfor dei dansande gründarane i L.A. 

– Det øyeblikket hugsar eg så godt. Det var heilt vilt. 

På arrangementet møtte dei blant anna ein kaffegründar som budde i San Francisco. Dagen etter inviterte denne kaffegründaren dei heim til seg. Her var det også ein fest som klovnane fekk vere med på. Huset hadde utsikt til Golden Gate Bridge. Venn fortel at han då lurte på kva dei gjorde der, dei som nesten ikkje hadde råd til saus på pastaen eingong. 

– Me hadde ingen pengar, me var lågast på rangsstigen, liksom. Men eg trur det var derfor dei syntest det var så gøy å ha oss der. Me hadde ingen skam. 

Eit tøft år 

Sjølv om klovnelivet byr på reiser og mange gode historier, legg ikkje Venn skjul på han også blir lei av å reise rundt med livet sitt i ein bag, og aldri ha ein fast plass å oppbevare tinga sine. Det siste året har han budd i London, der kjærasten hans også bur. 


Viggo Venn. Foto: Tuva Bull Hjeltnes 

– Det høyrest så sjukt teit ut, men viss eg kjøper noko no, så har eg ein plass å setje det. Det vil framleis vere der om tre veker, liksom. Det er deilig at ikkje alle tinga rundt deg alltid er laga av papp eller plast.

Som omreisande klovn er ikkje økonomien den beste. Når han og dei andre klovnane er på reise, brukar dei som regel å sove på sofaen til venner og kjente. Det dei tener på klovninga går til å kjøpe flybillett til neste destinasjon.

For Venn, som for mange andre, sette koronapandemien ein stoppar for alle planlagde prosjekt. Den første dagen av pandemien vart 78 av førestillingane hans avlyst.

– Eg er vane med å leve litt fattig, så då var det berre å fortsette med det.

I byrjinga var det ikkje mykje å gjere, spesielt ikkje i nedstengde London. På den positive sida fekk han sett mykje av London, som han kanskje ellers ikkje hadde hatt tid til. Etterkvart byrja han på eit filmprosjekt med ein venn. Dei laga blant anna ein kortfilm for eit teaterkompani.  

Det ser lysare ut for alle i underhaldningsbransjen no. Fleire show blir sett opp og befolkninga er utsulta på humor etter over eit år med pandemi. Venn ser spent ut og pratar engasjert om dei neste showa han sjølv og dei andre på Nieu Scene skal gjere. 

Men før den tid må han huske å sette på klesvasken. 

Emneord: 
Tags: