Emil Nordvik er glad for å kunne jobbe med studier ein annan stad enn på skulen. Foto: Marie Blindheim.

Annleis lesesal for studentar

Sidan august 2020 har studentar møtt opp i kyrkja for å jobbe med studier.
Onsdag, 3 november, 2021 - 14:31

– Det er meir sosialt enn å sitje aleine i lesesalen på skulen, fortel Emil Nordvik. Han er ein av fleire studentar som har nytta seg av tilbodet. 


Kvar tirsdag samlar fleire studentar seg i Torshov kyrkje for å jobbe med skulearbeid. F.v.: Runar Netland, Emilie Kvalø Holter, Emil Nordvik. Foto: Marie Blindheim

Nordvik fortel at han går eit studie med lite fysisk oppmøte, og at lesesalen i kyrkja er eit hyggeleg alternativ. 

– Det er kjekt å sjå folk og ha det gøy samtidig som vi arbeidar, seier han. 


Gratis lunsj og kaffe lagar ei naturleg pause i arbeidet. Foto: Marie Blindheim.

Studentane mistenkjer at nokre kanskje mister interessa av lesesalen når dei får høyre at den ligg i kyrkja. 

– Eg forstår om folk syns det er rart at vi held til her, seier Nordvik. 

Likvel syns han det er fint at dei samlast i kyrkja. 


Lesesalen har tidlegare vore i Ila kyrkje, men grunna oppussing held dei til her i Torshov. Foto: Marie Blindheim

Eirik Pedersen-Mong, som er prest i Ila kyrkje, syns lesesalen er eit fint tilskot til skulen. 

– Det er ein annleis måte å vere i kyrkja på, seier Pedersen-Mong. 


Eirik Pedersen-Mong er prest i Ila kyrkje, og syns lesesalen er eit fint tilbod for studentar. Foto: Marie Blindheim

Han fortel at korona var éin av faktorane som sparka i gang prosjektet. 

– Det var mykje som gjorde at vi satte i gang prosjektet, og det såg ut til å fungere bra. Derfor fortsatte vi å invitere inn til lesesal kvar veke. 


Emilie Kvalø Holter synast det er bra at kven som helst kan komme til lesesalen. Foto: Marie Blindheim

– Ein må ikkje vere student for vere her, seier Emilie. 

Ho fortel at dei som møter opp kan jobbe med det dei sjølv ønskjer, og det må ikkje berre vere skulearbeid.