Kiki Chérie på "The Burly Show - Live!". Foto: Cecilie Välinen

Noregspremiere på burlesque-show litt utanom det vanlege

Den prisvinnande burlesque-dronninga Kiki Chérie har hatt fleire burlesque-show rundt om i verda. Det er fyrste gong ho har ei framsyning som dette.
Søndag, 7 november, 2021 - 21:48

OSLO: Sennepen Scene på Alexander Kiellands plass har hadde ein premiere litt utanom det vanlege fredag 5. november. For fyrste gong i Noreg har eit improvisert burlesque-show slått seg saman med eit jazzband for å skape burlesque-magi. 

Premierenervane er til stades då Journalen møter initiativtakar, produsent og burlesque-artist Kiki Chérie, berre nokre timar før premiera. Ho heiter eigentleg Christie og er ein svensk-finsk dansar bosatt i Oslo. I kveld har ho med seg tre dansarar, éin akrobat og Sennepen Scene sitt husband “Three Mile Limit” for å underhalde. Ingen av dei veit korleis framsyninga “The Burly Show - Live!” kjem til å bli. Det einaste dei veit er kva låtar som skal spelast, alt anna er improvisert - i ekte jazzstil. 

Premierepublikummet er også spente. Mange av dei har aldri vore på burlesque-show før. Journalen fekk vere med på premierekvelden, for å sjå korleis showet vart mottatt.