Ingeborg Knøsen spelar sin debut på konsertscena Naustet på SALT. Foto: Cecilie Välinen

Skodespelar Ingeborg Knøsen debuterer som artist

Hennar fyrste konsert er heilt utseld. Ein pangstart på karrieren før hennar debutsingel blir sleppt neste år.
Søndag, 28 november, 2021 - 14:52

Ingeborg Knøsen (29) frå Braskereidfoss er utdanna skodespelar, men har alltid hatt ei musikalsk spire i magen. For fyrste gong gjer ho alvor av draumen om å gi ut eigen musikk under artistnamnet KNØSEN. Konsertscena på SALT i Oslo var heilt utseld måndag kveld.

– Ei blanding av paljettar og discolys, skog, tåke og mystiske tjern, saman med eit pulserande liv i byen. Det er slik Knøsen sjølv beskriv musikken sin. 

Ho har skrive mange av songane på reiser i blant anna New York, Island og Irland. På reise blir ho inspirert til å finne kjernen i hennar eigne kjensler.

– Vi har no den konserten her, og vi skal skal ha eit par konsertar til fram mot at eg skal sleppa singlen min i 2022, seier Knøsen. 

Debutsinglen hennar heiter Daredevel. Den var ein av dei 12 songane ho og bandet spelte på debutkonserten. 

Songane er nøye valt ut, for å gje publikum eit heilskapleg bilete av kven KNØSEN er. Ho ynskjer at publikum får ein oppleving dei ikkje gløymer, og som gjer at dei vil anbefale musikken hennar vidare til andre.

På konserten spelte Mats Nussbaum trommer, Alexander Aarø piano, Johanna Ander Ljung harpe og Ema Grcman cello. Astrid Steen var korist.