Paneldeltakarane har ulike meininger om kva norsk økonomi treng. Foto: Tone Ollestad

Norsk økonomi på veg opp

Samarbeidet mellom NHO og LO fungerer godt, men politikarane er ueinige om korleis minska forskjellane.
Tirsdag, 1 mars, 2022 - 10:31


Sjeføkonomen i LO seier at nokon må få mindre om andre skal få meir. Foto: Tone Ollestad

Tysdag morgon arrangerte Tankesmien Agenda eit møte på Kulturhuset i Oslo for å diskutera bakgrunnen for frontfagsmodellen og rammene for lønsoppgjeret for 2022. 

Blant deltakarane fann me Roger Gjønstad, sjeføkonom for LO. Han meiner Noreg har klart å løfta seg fort opp igjen etter pandemien. 

– Sysselveksten er rekordhøg, og me nærmar oss nivå frå før pandemien og tidlegare på 2000-talet, seier han.

Saman med Øystein Dørum, sjeføkonom i NHO, er dei einige om at den gjeldande frontfagsmodellen fungerer fint no i dag. 

– Når lønsveksten er knytta til konkurranseevne, kan me halda arbeidsledigheita på eit lavt nivå og arbeidsledigheita i sjakk, seier Gjønstad. 

Forskjellige løysingar

Stortingsrepresentanane Ola Elvestuen (V), Tuva Moflag (Ap) og Kari Elisabeth Kaski (SV) skal som politikarar ikkje vera ein del av oppgjeret, men Elvestuen er klar på at no er heilt feil tid å endra på frontfagsmodellen.

– Med den usikkerheita i verda no, skal me vera glade for at me har den modellen, seier han. 

Han meiner hovedproblemet er at det kjem til å vera mangel på folk i mange områder framover, og ikkje berre blant sjukepleiarar og lærarar. Derfor vil dei styrka offentleg sektor ved å styrka privat næringsliv. 

Formålet for Moflag frå Arbeiderpartiet er fordeling, og ho tek frem strømstøtteordninga til regjeringa.

– Det handlar om å hjelpa folk i som har vore utruleg bekymra for å koma seg gjennom vinteren, seier ho. 


Stortingsrepresentant Kaski frå SV advarer mot for store lønsforskjellar. Foto: Tone Ollestad

Vil ikkje ha utviklinga til USA

Stortingsrepresentant Kari Elisabeth Kaski frå SV viser til USA og Storbritannia, der forskjellane blant folk har blitt enorme i løpet av dei siste 30 åra. 

– Det er eit bredt samfunnsansvar for politikarane å sørga for at den breie delen av befolkninga er med, sjølv om politikarane ikkje er med i forhandlingane, seier politikaren. 

Men ho poengterer at kvinnedominerte yrker si lønsutvikling heng etter. Dei diskuterer no i SV kva som kan vera dei beste verkemidlane, men har gått vekk frå likelønnspotten. 

Påpeker lønsforskjellar

Ordstyrer Tiril Halvorsen, rådgjevar i Tankesmien Agenda, tek opp at ikkje alle er fornøgde med frontfagsmodellen. Ho tek òg opp kvinnedominerande yrke i offentleg sektor.

Gjønstad meiner at òg grupper i offentleg sektor tar del i gevinsten frå industrien. 

– I kampen om lønsforskjellar mellom kvinner og menn, skyldest det ikkje frontfagsmodellen. Markedskreftane er årasken til dei, seier han. 

Det er vanleg at det er den konkurranseutsatte industrien som forhandlar løn først, og som set rammane for resten av lønsforhandlingane. Men kor involverte skal politikarane vera?

Øystein Dørum, sjeføkonom i NHO, meiner at dei må halde fingrane av fatet.

– Deira ansvar er å ha eit velfungerande arbeidsmarket som fremmer faste tilsettingar og som fremmer seriøse arbeidsforhald, seier han. 

TBU, det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera, sitt foreløpige anslag for lønsvekst i 2022 ligg på 2,6 prosent, og dei skal koma med eit nytt anslag 19. mars. 

Dørum presiserer at TBU ikkje lager anslag på makroøkonomien, men dei beskriv situasjonen i norsk økonomi på veg inn i lønsoppgjeret. 

 

Emneord: