Eit panel av akademikarar som sette spørsmål til menneskes bruk av teknologi. F.v. Trine Syvertsen (samtaleleiar), Eivind Skogen (medieviter), Sebastian Watz (filosof) og Gunn Enli (medieviter). Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken.

Teknologi kan utfordre demokratiet

Både kloden og merksemda vår er knapphetsgode, meiner humanistar ved UiO. Kven som har ansvar for å stogge sløsinga vart dei ikkje heilt samde om.
Torsdag, 31 mars, 2022 - 11:09


Eivind Skogen (medieviter) meinte at teknologi både er løysinga på klimaproblemet, samtidig som det er ein del av problemet. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

At den digitale industrien er miljøsvin, i tillegg til at han sluker merksemda til menneske, er noko av bodskapen til panelet. Dei har samla seg for å diskutere korleis teknologi og digitalisering kan true demokratiet.

– Vi slepp ut ti kilo karbon i året per person på mobilbruk, og vi vil i aukande grad bruke merksemda vår på det, noko som resulterer i desto meir utslepp, fortalde Eivind Skogen i samtalen.

Skogen er medieviter og jobbar som fagansvarleg for innhald i techbyreåt Netlife. Det overordna bodskapet hans var korleis selskapa som bidreg til stor teknologibruk må gå inn for å gjere det meir forsvarleg og klimavennleg.

Meiner teknologien bør regulerast

Filosof Sebastian Watzl uttrykte i motsetnad til Skogen at samfunnet som heilheit, altså staten, må ta ansvaret for å regulere merksemda vi rettar mot teknologien på ein forsvarleg måte.


Sebastian Watzl (filosof) reflekterte rundt kva frihet eigentleg er og om det er frihet å ha den type tilgang til teknologi som vi har i dag. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

– Det  er udemokratisk  at det finst svært få teknologiske plassar som ein kan rette merksemda si til. Det er Facebook, det er Instagram, det er TikTok. Det er altså svært få aktørar som har kontroll over merksemda til svært mange menneske. Det blir ein maktkonsentrasjon som desse techselskapa sit på, seier Watzl til Journalen.

Han poengterer óg at det ville vore udemokratisk å hindre menneske å vera på dessa plattformene, noko ein kan sjå døme på i Russland no. 

– Digitale forstyrringar er fastfood, avslutter han.

Medieviter Gunn Enli har i si forsking sett at enkeltindivid skyldar på seg sjølv når det gjeld teknologibruk, men meiner at ansvaret ikkje kan ligge på enkeltmenneske fullt og heilt.

Vidare seier ho til Journalen at den nye luksusen er å ha frakobling frå teknologi, da det krev kontroll, overskot og ressursar å kunne legge bort teknologien og fokusere på andre ting.


Gunn Enli (medieviter) la frem forskningen sin som viser at politikere trenker på teknologi som noe positivt og fremtidrettet, fremfor noe negativt. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

– Det er i stor grad udemokratisk at det er ulikt kven som har tilgang på ressursar som gjer det mogleg å kontrollere alle dei digitale forstyrringane, meiner Enli.

Menneskerettar, demokrati og teknologi

Årsrapporten for menneskerettar levert av Norges Institusjon for Menneskerettigheter (NIM) vart i dag lansert. Her gjør dei opp status for året som har gått. 

Direktør Adele Matheson Mestad fortalde om to av dei viktigaste fokusområda i rapporten, klima og teknologi, til NRK Nyhetsmorgen i onsdag morgon.

– Menneskerettar forpliktar statar, mens mange av dei utfordringane vi ser knytt til ny teknologi handler om kva store techselskap gjer og måten det preger vår kommunikasjon og vårt demokrati på, sa Mestad.


Dekan Frode Helland ved Universitetet i Oslo meiner det er ei viktig oppgåve å formidle den kunnskapen dei sit på ved Det Humanistiske Fakultet. Foto: Universitetet i Oslo.

Vidare fortalde ho at NIM si vurderig sa at teknologi kan påverke rettar som ytrringsfridom, persnvernet og ikkje minst diskrimineringsvernet.  Dei tenkjer det er  nødvendig å få på plass mykje nøyegare reglar som gjer at det blir demokratiene som styrer techselskapa og ikkje motsatt, slik det er ein viss risiko for no.

– Desse diskusjonane bør bli flytta inn i nasjonale, demokratiske rom der det må væra debatt om kva for makt teknologi og digitalisering har fått, meiner Mestad.

Dette stiller filosof Sebastian Watzl og medieviter Gunn Einli seg stødig bak.

Demokratidagane

Denne panelsamtalen er ein del av den årlege humaniorafestivalen, arrangert av det humanistiske fakultet ved Universitetet i Oslo, som denne våren har tema demokrati.

Det er dekan Frode Helland ved fakultetet som er initiativtakar til Demokratidagane. Han fortel at valet av tema for årets humaniorafestival er prega av tida vi lev i.

– Demokratiet bør ikkje bli teke for gitt, og vi ser i store deler av verden at demokratiet er under stort press. Universiteta må bidra med forsking og kunnskapsdeling om kva som byggjer demokrati, og kva som kan bryte det ned, seier Helland.

Det humanistiske fakultet arrangerer desse dagane saman med Deichman.