Det blir ingen russarar å sjå på rennet i Holmenkollen i helga. Foto: Mia Engenes Bratlie.

Russarane drar frå Noreg

Noregs Skiforbund vil nekta russarane å delta på v-cuprennet i Holmenkollen. No drar dei heim.
Tirsdag, 1 mars, 2022 - 11:46

Det blir ikkje verdenscup i Noreg for russarane. Det bekrefter den russiske langrennstrenaren Jurij Borodavko til  Aftenposten i dag. Han seier at dei allereie flyr heim i morgon, og kjem no berre til å gå nasjonale renn. 

I dag meldte Noregs Skiforbund ein uttale om at dei har gitt beskjed til Russland at russisk deltaking er uønska. 

– Ein samla Etisk komité meiner at NSF bør utestengja russiske og kviterussiske utøvarar frå samtlege WC-arrangement så lenge invasjonen i Ukraina pågår, dersom FIS ikkje fattar ei slik beslutning, skriv dei. 

Dette er ikkje det internasjonale skiforbundet FIS nøgde med. Dei meiner Noreg ikkje kan nekta russarane å delta. Generalsekretær i FIS, Michel Vion, seier til NRK at det er i strid med FIS-reglementet. 

– Noregs Skiforbund kan gje uttrykk for at dei ikkje ønskjer russisk og kviterussisk deltaking, men dei kan ikkje nekta dei å delta, seier Vion.

Skipresident Erik Røste håpte at FIS skulle koma til denne avgjerda sjølv, men at dei ikkje no kan venta lenger. 

FIS har eit nytt møte kl. 12 på tirsdag kor dei skal diskutera situasjonen.

 

Emneord: