Gult og tørt gras tek lett fyr dersom det er i kontakt med varme. Foto: Marie Blindheim.

Tørt vêr og visent gras gir auka brannfare på Austlandet

Brannvesenet ber folk vere forsiktige med bålkos og eingongsgrillar fram mot påske.
Tirsdag, 29 mars, 2022 - 17:08

På grunn av gult gras og tørt vêr er det fare for grasbrann i mange område på Austlandet. Brannvesenet har allereie rykka ut på dei første grasbrannane i vår, og ber alle tenke seg om når dei skal brenne bål framover. 

– Grasbrannfare er vanleg på denne tida av året. Det er det gule, visne graset frå i fjor som er farleg, fordi det brenn veldig lett, seier Håkon Bjelstad frå Meteorologisk Institutt.  

Framover mot påske vil nok mange nyte tida før bålforbodet ute med grill og bål. 

– Bålforbodet startar ikkje før godt ut i påska, men alle har ein plikt til å passe på når det er tørt. Då er det kanskje lurt å vere forsiktig med grillinga, meiner Bjelstad.

Dersom brannfaren er for stor, kan brannvesenet legge inn lokale forbod om båltenning. Dette er foreløpig ikkje aktuelt. 

– Det er store lokale variasjonar i brannfaren. Det lokale brannvesenet kan dette best, og dei løyser det sikkert på ein fin måte, seier Bjelstad i Meteorologisk Institutt. 

Sigurd Folgerø Dalen, kommunikasjonssjef ved brann- og redningsetaten i Oslo, seier at ein alltid må passe på når ein grillar og tenner bål, og at ein aldri skal tenne bål der det ikkje er forsvarleg. 


Kommunikasjonssjef for brann- og redningsetaten i Oslo Sigurd Folgerø Dalen oppfordrar alle til å sette seg inn i råd og reglar for grill og bål. Foto: privat. 

– Alle må passe på seg sjølv, og vere merksam på at det er ekstra tørt no, seier han. 

Nokre av grasbrannane er ikkje til å unngå, som gnister frå tog i tørt gras langs togskinnene, men det er dei menneskeskapte brannane ein kan jobbe for å unngå. 

– Vi har eit fokus på å informere folk om brannfaren, slik at vi forhindrar unødige brannar. Det ligg også eit stort ansvar på kvar enkelt for å sette seg inn i lover og reglar, og å ta gode avgjersler, seier Dalen. 

Han har fleire tips om kva ein skal tenke på når ein skal fyre opp grillen ute. 

– Folk må sjå seg rundt og finne område som eignar seg for grilling. Ein må også hugse at eingongsgrillen blir varm under, og at ein grill rett mot tørt gras ikkje er ein god idé, seier Dalen. 

Dalen anbefaler også å setje seg inn i reglar for bål og grill på Oslo kommune sine nettsider.