Regnbogetreffet er eit samarbeid mellom Kirkens Bymisjon og Foreningen fri. F.v.: Edel Rønning, Sofie Jakobsen, Anbjørg Ohnstad. Foto: Andrea Viland Ask.
SKEIVT KULTURÅR

Lovleg skeiv i 50 år

I april er det 50 år sidan paragraf 213 i straffelova blei oppheva. No møtes dei eldre homofile jamleg for å drikke kaffe og prate saman.
Mandag, 4 april, 2022 - 12:37

I ein bakgard i Oslo ligg Grünerløkka Seniorsenter. Lokalet i andre etasje er pynta i regnbogen sine fargar, og ein eim av kaffe breiar seg gjennom rommet. To gongar i månaden er det Regnbogetreff for pensjonistar, eit samarbeid mellom Foreningen Fri og Kirkens Bymisjon. 

Ein jamn straum av eldre menneske kjem inn i lokalet. Dei ser glade og avslappa ut. Å kunne spasere inn på eit treff for homofile, utan å måtte snike seg rundt, var inga sjølvfølgje for 50 år sidan. 


Rundt bordet gjekk praten lett. F.v.: Willy Rinde, Sverre Vaage, Gunnar Georgstad, Tore Nilsen. Foto: Andrea Viland Ask.

Straffelov § 213

§ 213. Finder utugtig Omgjængelse Sted mellem Personer af Mandkjøn, straffes de, der heri gjør sig skyldige, eller som medvirker dertil, med Fængsel indtil 1 Aar.

Med samme Straf ansees den, som har utugtig Omgjængelse med Dyr, eller som medvirker dertil.

Fram til 1972 var seksuell omgang mellom menn ulovleg, og kjærleikslivet til skeive blei kriminalisert. Paragraf 213 gjorde at politiet kunne gripe inn ved skeive treffsteder, noko som skapte frykt for å stå fram som homofil. I tillegg blei homoseksualitet sett på som ordensforstyrring, sjukdom, synd og oppsigelsesgrunn.

Stortinget avskaffa paragraf 213 i 1972, etter ein hard kamp med Kim Friele i spissen. Dette var ein stor siger for homobevegelsen, og det la grunnlaget for vidare kamp for skeives retter i åra framover. Etter kvart blei ikkje homofili lenger rekna som ein sjukdom. I 1993 vedtok Stortinget felles partnerskapslov, og fra 1. januar 2009 blei felles ekteskapslov innført. 

Historisk markering

Egil Moland, som er ein av deltakarane på Regnbogetreffet, fortel at han sat på galleriet på Stortinget den dagen paragrafen blei oppheva. 

– Eg hugser godt at eg var på Venstres Hus den dagen vi reiv paragrafen ut av De Norske Lover og brente den på scenen. Symbolsk, seier han. 


Egil Moland var med og markerte opphevinga av paragraf 213 i straffelova i 1972. Fv.: Egil Moland, Willy Rinde. Foto: Andrea Viland Ask.

Sjølv om å fjerne paragrafen var viktig, er det ikkje sjølve opphevinga dei syns var det viktigaste.

– Det sendte eit signal til resten av samfunnet om at vi ikkje er fullt så galne som dei påstod. Dermed var det eit trinn mot ei aukande aksept i samfunnet elles, fortel Tore Nilsen, som sit på bordet saman med Moland og fleire andre menn.

Spesielt viktig for homofile menn

På nabobordet sit ein gjeng med damer. Dei fortel at det er flest menn som er med på Regnbogetreffa, og at det gjerne er eit bord med damer for kvart fjerde bord med menn. Det som dominerar praten rundt bordet i dag er korleis opphevinga av paragrafen påverka dei, og korleis dei opplevde samfunnet på den tida. 

– Det var Kim Friele, leiaren vår på den tida, som var i front for å bli kvitt paragraf 213, seier Edel Rønning. Ho sit saman med Sofie Jakobsen og sambuarparet Sylvi Sæther og Anbjørg Ohnstad. 


Lokalet var pynta i regnbogeflagg for anledninga. Foto: Marie Blindheim.

Dei fortel at å fjerne paragrafen var spesielt viktig for menn, fordi det var dei paragrafen ramma direkte. Sidan straffetrugselen ikkje var retta mot kvinner, var det ei moglegheit for Kim Friele å ta opp denne kampen i offentlegheiten. 

– Det var ikkje sånn at den direkte ramma oss med straff og sånn, men det hadde ein påverknad, seier Ohnstad. 

Sa ho budde med kusina si

Sofie Jakobsen fortel om forholdet ho hadde hatt med ei kvinne, og at ho var livredd for at dei på jobben skulle finne ut at dei var eit par.

– Vi var kusiner i 37 år, seier Jakobsen.

– Seier du det, altså, bryt Ohnstad sjokkert ut.

– Ja, men de var jo saman i miljøet, påpeikar Rønning.

–  I miljøet var det greitt, men universitetsdirektøren visste det ikkje, understrekar Jakobsen.

Seksuelle flyktningar

Damene fortel vidare at det ikkje var tilfeldig at dei enda opp i storbyen.

– Korleis skulle ein treffe folk? Eg budde langt ute på landet, seier Rønning. 

– Veldig mange av oss flytta til Oslo for å treffe folk, seier Sæther.

– For å treffe likesinna, skyt Rønning inn. 

– Det var mange seksuelle flyktningar, for å seie det sånn, oppsummerer Ohnstad.


Edel Rønning er ein av deltakarane på Regnbogetreffet. Foto: Andrea Viland Ask

Etter at paragraf 213 blei teke bort, vart det ikkje noko stort framsteg med ein gong, fortel damene. I 1974 blei den første skeive utestaden Metropol opna, og Rønning hugsa første gang ho var der.

– Då hadde eg i smug haldt «Løvetann», som er eit blad for lesbiske, som var pakka inn i ein kvit konvolutt og var anonym. Eg sat meg inn med ei avis og ein kopp te, så kikka eg rundt meg, og det var berre gutar der. Etter kvart blei det meir opent, og det blei arrangert kvinnekveldar på Metropol ein gong i månaden, men elles dominerte menn det meste, fortel Rønning.


Løvetann nr.1 1977 og Løvetann nr.3 1994. Kilde: Skeivt arkiv

Ohnstad kom til Oslo i 1975, og trefte den noverande sambuaren Sæther på denne utestaden. For å kome til utestaden hadde dei visse ordningar, slik at dei ikkje skulle bli oppdaga.

– Då eg skulle til Metropol hadde eg ein avtale med ei dame som skulle stå med ei avis under arma. Ho skulle følgje meg til utestaden, fortel Ohnstad. 

Framleis ein veg å gå

Sjølv om ting har blitt mykje betre enn det var for 50 år sidan, har Noreg framleis ein lang veg å gå. Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen fortel at menneske som identifiserar seg som LHBTIQ+ framleis har dårlegare levekår enn majoriteten. 


Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen arbeidar med å styrke rettane til skeive i Noreg. Foto: lja C. Hendel/Kulturdepartementet.

– Framleis er det utfordrande å leve opent i fleire trussamfunn, lokalsamfunn og miljø. Vi jobbar for at alle skeive skal ha like gode levekår som resten av befolkninga, seier Trettebergstuen. 

Ho seier at det er mange politiske grep som kan bli gjort for å styrke skeive sine rettar og levevilkår.

– Akkurat no jobbar vi med eit lovforbod mot konverteringsterapi. Det pågår også eit arbeid med å utrede ein tredje kjønnskategori, seier Trettebergstuen.

Glade for openheita

Damene på Regnbogetreffet fortel at det har vore veldig fint å følgje prosessen frå 1972 til i dag.

– Eg har vore nokså nær Kim Friele, og det har vore utruleg spennande å følgje henne, som har vore lynskarp i hovudet til si siste veke, fortel Rønning.

Dei andre damene nikkar seg einig.

– Det er ingen som snik seg inn her, for det har vi heilt slutta med, seier Ohnstad.

– Ja, ein kan vere open, fortsett Sæther.