TEAM: (F.v.) Davide Osso, Simone Merlini og Carl Henriksson stod i baren denne onsdagen. FOTO: Bendik Rise

Oslo-bar blant verdas beste

Himkok er nok ein gong inne på topp 50-lista over beste barar i verda. Og dei siktar endå høgare.
Fredag, 14 oktober, 2022 - 19:04

I ei sidegate i Oslo sentrum, mellom Storgata og Youngstorget, kan ein finne ein av verdas beste barar. Himkok kom nemleg på 43. plass på 50 best si nye liste.

– Vi er sjølvsagt veldig fornøgde med det. Det gir litt ekstra energi til teamet, slik at vi kan halde fram det gode arbeidet og jobbe endå hardare, seier barsjef Davide Osso.

Hardt arbeid

Himkok har vore inne på lista ved fleire høve, og har ei bestenotering på 17. plass. Men med konkurranse frå heile verda, er det ekstremt vanskeleg å nå opp. Barsjefen seier at det ligg mykje arbeid bak å få slik anerkjenning. 


KVALITET: Drinkane på Himkok held høg standard. FOTO: Bendik Rise

– Det er mykje å tenke på i ein slik business. Det er ikkje berre drinkane, men også atmosfæren og opplevinga. Menneske er sosiale dyr, så når vi går til ein bar, vil vi ha ei god oppleving og ein god samtale, forklarer Osso.

Skjult perle

Det kan vere vanskeleg å finne fram til Himkok. Ved inngangen ser ein berre eit lite skilt, med opningstidene merka på døra, som dessutan er låst. Med mindre ein er heldig og møter nokon i døra, må ein ringe på og vente utanfor. Det er ein del av identiteten deira.

– Vi reklamerer lite for oss sjølve. Det vi gjer er å skape gode opplevingar gjennom gode drinkar, god service og gode samtalar. Så kryssar vi fingrane for at gjestane er fornøgde og deler det med vener og kjende, seier Osso.


SKJULT: Det er ikkje mykje som tyder på at ein av verdas beste barar er bak denne døra. FOTO: Bendik Rise

I eit forholdsvis skjerma lokale, kan Himkok verke mystisk for gjestane. Fleire utanfor visste ikkje heilt kva dei skulle forvente når dei skulle inn dørene til baren. Det einaste dei fleste har, er høge forventningar.

– Det er det fine med å vere på lista. Gjestane har på ein måte vorte hjernevaska, då dei allereie er innstilt på at dette skal vere fantastisk. Om det er positivt for oss eller ikkje, er eg usikker på, flirer barsjefen, som fortel at han vart «mind blown» første gongen han gjekk in dørene på baren.

– Ein av dei beste

Dei besøkande er tilsynelatande fornøgde med opplevinga på Himkok. Thibault Lamy besøkte baren for første gang denne veka og han forstår godt at Himkok er blant verdas beste i bransjen.

– Av alle barane eg har prøvd, er dette utvilsamt ein av dei beste, seier Lamy som er fødd og oppvaksen i Paris.


FØRSTE BESØK: Thibault Lamy tok turen til Himkok for første gong. FOTO: Bendik Rise

Han meiner Himkok har lukkast med strategien sin og fortel at han fekk vite om baren via ein kollega.

– Dei er flinke til å få merksemd gjennom å vere vanskelege å finne, paradoksalt nok. Det gjer at humøret vert endå betre når dei først er her. I tillegg er drinkane og atmosfæren høg klasse, noko som naturlegvis er positivt, seier Lamy.

Siktar mot perfeksjon

Sjølv om dei nok ein gong har nådd anerkjenning, er Himkok på ingen måte fornøgde enno. Osso fortel at dei ikkje har planar om å stenge med det første, og at dei ønsker å få ei betre plassering på lista neste gong.

– Vi prøver å gjere alt perfekt. Det får vi nok aldri til, men vi jobbar for å kome så nær som mogleg, avsluttar han.

Emneord: