FEST: Mathallen var fylt med folk og god mat. FOTO: Bendik Rise

Ti år med matglede

Kaker, ballongar, smaksprøver, stjernekokkar, DJ og fullsett hus. Mathallen feira ti år på Vulkan.
Fredag, 14 oktober, 2022 - 14:18

Onsdag inviterte Mathallen til 10-årsfeiring i si eiga storstue. Då var det sjølvsagt god mat på menyen. Med besøk av kokkar frå ulike restaurantar rundt om i Norge, vart det laga mykje og god mat til dei besøkande. Frode Malmo frå Mathallen var storfornøgd med feiringa.

– Det er ei veldig god kjensle. Det ligg ganske mykje arbeid bak desse ti åra, seier Malmo.

Feiringa går føre seg gjennom heile veka, men onsdag var det nøyaktig ti år sidan opningsdagen. Gjennom heile dagen vart det delt ut mat og smaksprøver, mellom anna pølser frå Annis Pølsemakeri og østers frå Vulkanfisk. Folk kom og gjekk og koste seg med god mat og drikke - med DJ på scena gjennom heile kvelden.

Emneord: 
Tags: