KAMPSTART: Begge lag vant sine første kampar og var klare til å forlenge rekka. Foto: Fredrik Lilleaasen

Endeleg i gang

Etter ein utfordrande oppkøyring har endeleg bandyeliten skutt i gong sesongen.
Mandag, 28 november, 2022 - 14:04

Onsdag 23.11 braka Ready og Sarpsborg saman på den iskalde Gressbanen. Båe laga kom frå siger i sine første oppgjer. Sarpsborg slo Høvik 11-2 medan Ready slo Ullevål 5-2. Trenar for Ready, Lars Christer Sveen, er optimist før kampstart og meina dei vil være med å kjempe heilt i toppen denne sesongen. Dette er tilhengarane einige i.

– Målet til Ready er vel topp 3 i år. Dei vart seriemeister for to år sidan og er betre offensivt no enn dei var før, seier Øystein (50) som har fulgt klubben i ei årrekke


Det vart ein tett og jamn kamp på Gressbanen denne onsdagskvelden Foto: Fredrik Lilleaasen

Intens kamp

Til tross for få mål i kampen vart det mykje duellar og stillingskrig. Sarpsborg gjekk opp i leiinga ved Ilya Ponomarev i det 29 min. Få minutt seinare auka Mathias Aleksander Nilsen til 2-0. Like før pause reduserte Gustav Hjalmar Eriksson for Ready. Fleire duellar utover kampen enda med heile 5 utvisningar til bortelaget.

– Det var ein fartsfylt kamp med stor intensitet. Det blei dessverre styggare etterkvart, seier tilskodarane Helena og Jørgen Åström.

Til tross for straffeslag og store sjansar enda 2. omgang mållaus og bortelaget drog med seg ein viktig 2-1 siger heim til Østfold.


Det var til tider nesten like instenst på benken som på bana Foto: Fredrik Lilleaasen

Vanskeleg å spå vêret

Hausten har ikkje vært gåvmild for vintersportane denne gongen. Bandyfolket har slitt med å få islagt banane sine og det har resultert i ein utsett seriestart. Dette kan tære på motivasjonen til spelarane og skape usikkerheit i klubbane. Likevel er det ikkje uvanleg at ein må tenke annleis i oppkøyringa.


Lars Christian Sveen på kontoret før kampstart Foto: Fredrik Lilleaasen

– Vi tar høgde for at hausten er dårleg. Laget har vore tre gonger til Sverige i haust og deltatt på turnering der. Der er fasilitetane mykje betre enn i Noreg. Men det var litt for lang tid mellom den siste treningsturen og seriestart, seier Ready trenaren.

Treningane har for det meste gått føre seg på barmark, med ei istrening i veka.

Ingen straumproblem

Det krevst ein god dose energi for å legge ei bandybane utandørs og fleire av eliteklubbane har enda ikkje spelt sin første kamp enda. Straumprisar og varm temperatur gjer det vanskeleg.

– Dette er et kommunalt anlegg, så kommunen styrer når ein får lagt isen her, fortsett trenaren.

Han seier at kommunen i desse tider kan skulde på varmen istadenfor kostnadane ved å skru på straumen.

Emneord: 
Tags: