Nye tal frå OsloMet er dystre for nynorsken. Foto: Skjalg Bøhmer Vold / OsloMet
Nye tal frå OsloMet:

Få studentar nyttar nynorsk

Om lag éin prosent av alle studentar på OsloMet ynskjer å bli skrive til på nynorsk.
Tirsdag, 29 november, 2022 - 11:52

Av dagens aktive studentmasse som tel 22 539 studentar, er det berre 1,2 prosent studentar som ynskjer å bli kontakta på nynorsk. Dette viser ferske tal Journalen har innhenta.

Om ein legg til grunn at dei som ynskjer å bli tilskrive på nynorsk, også er dei som nyttar nynorsk på eksamen, vil det seie at det berre er like over 280 nynorskbrukarar på OsloMet.

Til samanlikning syner tal frå Statistisk sentralbyrå at 11,6 prosent av elevane i grunnskulen har nynorsk som hovedmål.

Fleire engelskbrukarar

– Om lag 21 500 studentar ynskjer å bli tilskrive til på bokmål, og nesten 800 studentar ynskjer å bli tilskrive til på engelsk, fortel Royne Kreutz, seksjonssjef for avdeling for utdanning ved OsloMet.

Kreutz understreker at tal på kor mange som “faktisk” brukar nynorsk krev meir undersøkingar. Desse tala kan likevel gje ein indikasjon på at det er flerie engelskbrukarar enn nynorskbrukarar ved universitetet.

Legg ikkje til rette


Leiar i Noregs Mållag hadde håpa på høgare andel nynorskbrukarar. Foto: Tuva Maria Åserud

– Eg skulle gjerne sett at det var langt fleire som ynskja å bruke nynorsk i utdanninga, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Han trur den låge prosentdelen kan skuldast dårleg tilrettelegging frå styresmaktene og utdanningsinstitusjonane. 

– Mange nynorskbrukarar har vorte motarbeidd lenge før dei vert studentar, seier han.

– Nynorskbrukarane møter mindretalsulemper

Hauge peikar på fleire moglege årsaker til kvifor tala er så dystre på universitetsnivå.

– Nynorskbrukarane møter mange mindretalsulemper, og kanskje særleg i akademia.

Han meinar mange får sine individuelle språkrettar trampa på, og nemner dømer som i gruppedynamikken i arbeidet eller mangel på læremiddel.

– Men ikkje minst: ein sektor som ikkje bryr seg om lovverket sine språkpolitiske krav, og som passivt ser på - eller endåtil heiar fram - at norsk som arbeidsspråk og fagspråk i akademia forvitrar. 

Held fram med å kjempe for nynorsken

Men, sjølv med dei låge nynorsktala frå OsloMet fortset Hauge og Noregs Mållag arbeidet for nynorsken. For nynorskbrukarar fortel han om Studentmållag som skapar miljø der ein kan vere student og skrive nynorsk, og minnar om at Norsk Målungdom (NMU) som tek klagejobben for studentane. I tillegg arbeidar dei politisk.


Bøker på og om nynorsken frå biblioteket i P48. Vert dei brukt? Foto: Kristina Gjerde

– I haust fekk me gjennomslag for at private også må tilby eksamen på nynorsk. Noregs Mållag vil alltid kjempe for at studentane skal møte meir norsk, og då særleg nynorsk, både i pensum og i undervisning, avsluttar han.

Emneord: