Mykje folk rundt med engasjerte skodespelarar og musikantar i sentrum. Her er dansegruppa Kartellet i sving. Foto: Fredrik Lilleaasen

Fleire unge engasjerer seg i folkemusikk

Under Folkelarmfestivalen denne helga kunne ein sjå både unge og vaksne framføre konsertar og skodespel.
Mandag, 28 november, 2022 - 18:48

Årets festival for folkemusikken vart i helga avholdt på Riksscenen. Her var det framsyningar, konsertar og utdeling av prisar. I 15 år har festivalen vore til, og sidan starten har den tradisjonelle musikksjangeren utvikla seg i ein moderne retning.

Heile 11 deltakande land var med i år, med artistar frå heile Nord-Europa. Informasjonsrådgivar Liv Annette Nygjerdet er storfornøgd med korleis arrangementet vart avvikla.

– Det gjekk heilt etter planen. Mykje folk og god stemning, fortel ho.


Eit folksamd inngongsparti gav ei god ramme inn mot dei ulike scenene. Foto: Fredrik Lilleaasen

Fleire ungdomsmiljø veks fram

Fordelt på dei tre scenene var det oppsett fleire dansestykke og 20 konsertopplevingar. Stereotypien om at det ofte er eldre som driv med folkemusikk verkar å være langt frå sanninga. Til stades var det stor aldersvariasjon og dei siste åra har snittalderen blitt lågare.


Varmar opp i gangen før dei skal inn og stå på scena. Foto: Fredrik Lilleaasen

– Hurra for rekrutteringa! I mitt spelemannslag er yngstemann 14 år og eldste 80 år, fortel Marit Westling. Ho kjem frå Østerdalen og har helde på i Østerdølenes Spellemannslag i 34 år.

– Her i Oslo er det eit massivt ungdomsmiljø. Alle reiser rundt på stemner i heile Noreg og skapar eit godt samhald, seier Rune Hernes Bjerke like etter.

Prisar


Eir Vatn Strøm vant årets unge folkemusiker Foto: Anbjørg Bergwitz

Ein rekke prisar vart delt ut i løpet av helga, blant anna årets unge folkemusikar. Her var det tett konkurranse når tre finalistar framførte sine songar laurdag kveld. Eir Vatn Strøm trakk det lengste strået hos juryen og vant i tillegg eit GRAMOstipend på 100 000 kr. Du kan lese om resten av prisane her.


På denne intimscena vart finalen som kåra årets unge folkemusikar avhelde. Foto: Fredrik Lilleaasen


Her dansar Kartellet ein danse staur. Dette betyr at mann og mann eller kvinne og kvinne dansar saman Foto: Fredrik Lilleaasen

 

Emneord: