I denne butikken kan du få tak i mykje spennande interiør. Foto: Fredrik Lilleaasen

Her har du kanskje aldri vore før

I løpet av dei siste åra har talet nisjebutikkar auka i Oslo. Desse kan gå ein hard vinter i møte med tanke på dei veksande straumprisane.
Søndag, 6 november, 2022 - 22:51

Oslo har ei mengde ulike handlemoglegheiter, frå kjøpesenter til små lokale bruktbutikkar. Ofte endar små butikkar opp under store selskap og det blir vanskelegare å drive på eigenhand. Likevel er det mange små skattar å finne i Tigerstaden. Her får du gjerne unike klede og bøker ein ikkje finn andre stadar. 

På Grünerløkka finn ein dei fleste av desse butikkane. Her ligg også Inventarium, den minste retro-interiørbutikken i bydelen.

– Eg har drive her i over 6 år og er veldig opptatt av gjenbruk, seier Tone Dalen (59). Ho er eigar og einaste tilsette i bedrifta.

Her finn ein for det meste lampar, små møblar og lysestakar. Ho seier at kundane strøymer til om hausten, og at det ofte er nyinnflytta som treng møblement til heimen.


Tone Dalen Foto: Fredrik Lilleaasen

– Festlegheitane rundt jula gir også mange kundar, fortset ho.

Ho starta opp fordi ho ville vise at slike brukt-gjenstandar også har ein plass i samfunnsinteriøret.

– Meir ulltøy

Straumprisane vil etter alt å dømme stige i takt med at gradestokken sige. Ho seier ho ikkje har merka noko til dette enda, men at ho kjem til å gjere tiltak når kulden set inn.

– Det blir å ta på meir ulltøy, svarer ho og indikerer at ho heller vel å kle seg etter været enn å skru termostaten altfor høgt. Dessutan vil nok kundar allereie være godt kledd når dei kjem inn i butikken.

Hovudkvarter

Ein anna plass i Oslo, på St. Hanshaugen, driv Fredrik Naumann eit enkeltmannsføretak. Saman med kona har dei gitt selskapet namnet Felix HQ, og dei eig heile lokalet sjølv. Primært var lokalet tiltenkt eit kontorlandskap, men etter som tida gjekk utvikla det seg til ein kombinasjon av butikk, museum og kontor. Tittar ein inn frå utsida ser ein både flycockpit, utskytingssete og mange eigenproduserte plakatar.

– Det er ein miks av ting eg sel og anna eg vil vise fram men ikkje har tenkt å selje, seier Naumann


Felix HQ byr på mykje forskjellig. Foto: Fredrik Lilleaasen

Lokalet skulle være eit hovudkvarter for den eigentlege jobben til Naumann, nemleg fotografi. Han fant fort ut at det kunne brukast til meir enn det. Samlinga starta gjennom ei flyinteresse, og sidan har han plukka med seg mykje forskjellig frå ulike fotooppdrag.

Han seier at stereotypiane vinn fram her. Menn kjem for å sjå på flyutstyret medan kvinnene ser meir på bilda som står oppstilt. Likevel er det ikkje altfor mange som tar turen inn i butikken.


Fredrik Naumann har samla på finurlege gjenstander i ei årrekke. Foto: Fredrik Lilleaasen

– Nokon tittar inn, lét opp døra. Men eg må være ærleg å seie at det ikkje er flust med folk, fortset han. 

Ikkje bekymra for vinteren

Små bedrifter kan ofte møte ei ekstra byrde når vinteren kjem i møte. Men dei kommande straumkostnadane er han ikkje særleg bekymra for.

– Det blir nok litt meir enn det pleier. Men vi har ikkje stor maskiner eller bakaromnar, berre lys og supplerande varme.

 

Emneord: