Årvoll gård er ein av gardane i Oslo som byr opp til førjolskos til helga. Foto: Kristina Gjerde

Kom i jolestemning på jolegard

Dei komande helgene kan du kome i ekte førjolsstemning rundt om på dei ulike gardane i hovudstaden.
Torsdag, 24 november, 2022 - 21:29


Velkomen til gards! Foto: Kristina Gjerde 

Den fyrste adventshelga er straks i gang, og både kommunale og private gardar i Oslo inviterer dermed til ekte førjolskos. Denne helga kan ein til dømes besøke Årvoll gård i bydel Bjerke, Lillo Gård i bydel Sagene og Bogstad gård i bydel Vestre Aker. Programma er fylt opp med aktivitetar for små og store, og inneheld blant anna hesteriding, joleverkstad og musikalske innslag.

Allereie snø og jolestemning

På Årvoll har snøen som har kome dei siste dagane lagt seg, og dei er i gang med førebuingane til helga. Arild Sørum fortel at arrangementa hjå dei rettar seg universelt til alle frå 0-100 år, men at det har mykje barnevenleg innhald.

– Her kan besøkjande få opplevelsar, delta på aktiviteter, ete mat, vere sosiale, handle ting og sjå på dyr.

Sørum fortel vidare at dei vel å arrangere dette av fleire grunnar. Både fordi det er ynskjeleg frå kommunen og bydelen si side at det er frivillig aktivitet på garden, men også fordi det er helsefremjande og inkluderande.

– Det er med på å styrkje nabolag, og byggjer relasjonar mellom folk og organisasjonar.

Han peikar også på tradisjon som ein god grunn.


Torill Hallingstad oppfordrar besøkjande til å bruke heile garden på Lillo, både ute og inne. Foto: Kristina Gjerde

– Det har vorte arrangert rundt 25 år her, berre eitt år forsvant grunna pandemien, seier han.

3000 interesserte

Også på Lillo Gård er dei klare for helga. Torill Hallingstad i aktiviseringsbyrået Urban Jungle fortel at arrangementet “Jul på Lillo Gård” i hovedsak er til for å samle nabolaget rundt garden for å ha ei hyggeleg førjulstid.

Sjølv om arrangementet rettar seg mot naboane, viser arrangementet på Facebook at det er opent for alle. Der har nemleg over 3000 personar trykt “interessert”. Hallingstad fortel at dei er veldig glad for at så mange er interessert i å kome til dei, og meiner dei er godt førebudd på ei stor folkemengd.

– Me håpar folk brukar heile garden på laurdag, både inne og ute. 

Fleire moglegheitar seinare i desember 

Om det ikkje passar denne helga, er det berre å setje av ein av dei andre adventshelgene. Det vert fleire liknande arrangement i Oslo fram mot julaftan. 3.-4. desember kan ein til dømes ta turen til Abildsø gård for jolemarknad, og 10. desember inviterer Kampen Økologiske Barnebondegård til julegard.

Emneord: 
Tags: