Lysa på årets "Juletrikk" er tende, og trikken er i gang med å frakte reisande rundt.

Juletrikken er på plass

Fredag vart julelysa på "Juletrikken" tende, og juleutstillinga på nedlagte Valkyrie plass opna. Med det håpar Sporveien å skape julestemning i hovedstaden i desember.
Mandag, 28 november, 2022 - 09:47

Fredag 25. november var det duka for lystenning av Juletrikken på Stortorvet i Oslo. Juletrikken er ein del av Sporveiens tradisjon med å skape julestemning rundt om i byen, og det er i år tiande gongen dei vel å pynte opp ein av trikkane sine.

Ordførar i Oslo, Marianne Borgen, inviterte frammøtte med tale. Ho prata varmt om tradisjonen med Juletrikken, før ho retta fokuset mot kor viktig førjulstida også er til å vise solidaritet og å vere der for kvarandre.

– Eg oppfordrar alle til å tenke litt ekstra på dei rundt seg i jula, sa ho til dei frammøtte, og kom samstundes med sitt håp og ynskje om at Oslo skal opplevast som er raus og inkluderande by.


Ordføraren både prata og delte ut smågodt til dei frammøtte barneskuleelevane. Foto: Kristina Gjerde

Etter at lyslenka var tend av ordføraren, køyrde full trikk vidare mot Nationaltheateret. På turen stod Sporveismusikken for stemninga med musikkinnslag, og ivrige skuleelevar song med.

Utstilling på nedlagt t-bane-stasjon 

Frå Nationaltheateret gjekk ferda vidare med t-bane til eit stopp midt i tunnelen. Her, på Valkyrie plass, var det fire skuleelevar frå Majorstuen skole som skapa stemning med kormusikk, før Borgen igjen kunne stå for ny lystenning.


Kormusikken frå skuleelevane ruva over lyden av t-baner. Foto: Kristina Gjerde

Jan Rustad, presse- og mediakontakt i Sporveien, fortel at utstillinga kan sjåast i heile desember om ein køyrer t-banen frå Majorstuen i retning Nationaltheateret. 


Barnekoret stod saman med juleutstillinga på Valkyrie plass. Foto: Kristina Gjerde

Stas for både innbyggjarane og tilsette

Rustad fortel også at dei vel å gjere dette fordi dei merkar at det skapar smil og glede rundtom i heile byen.

– Responsen har vore overveldande positiv heilt sidan starten, og som eit lys i desembermørket fungerar den heilt etter hensikta, seier han.

Kommunikasjonssjef i Sporveien, Cato Asperud, kan fortelje at det slett ikkje berre er kjekt for innbyggjarane og kollektivreisande i byen.

– Det er minst like stas for alle dei tilsette i Sporveien å få vere med å bidra til førjulsstemninga, seier han.

Både Rustad og Asperud trekkjer også fram at ordføraren sjølv synst dette er stas å vere med på, noko ho sjølv bekrefta i talane sine. Her fortalde ho om eit godt forhold til trikken, og eit spesielt forhold til nettopp Valkyrie plass. Det var nemleg her ho møtte mannen sin då det ein gong var ein t-bane-stasjon som var i bruk.

Rustad seier at det også er ekstra stas for dei at Marianne Borgen er med i år, då ho har takka nei til gjenval. Det tyder dermed at det er siste gong ho opnar utstillingane for “Jul på Sporveien”.


Julenissen, som fortalde at han budde nede på nedlagte Valkyrie plass, dukka også opp til lystenninga. Foto: Kristina Gjerde

Nissetrikk på søndagene 

Juletrikken vil køyre i ordinær rute i heile desember, med nokre unntak på søndagane i advent. Då vil trikken ha to gratis ekstraavganger frå Stortorvet til Majorstuen. 

– Sporveismusikken er med om bord, og me har ei lita overrasking til borna som reiser med desse avgangane, avsluttar Rustad. 

 

Sjå fleire bilete frå opninga og frå Valkyrie plass i biletekarusellen under.