KUTTAR SVINN: Butikksjef Karstein Ingebrigtsen på Rema 1000 Torshov.

Kjempar mot matsvinn

Daglegvarebutikkane i Oslo ønsker å kutte matsvinn. Rema 1000 har set i verk fleire tiltak for å redde maten.
Mandag, 7 november, 2022 - 15:54

Kvart år vert det kasta over 400 000 tonn mat i Norge, der forbrukarane står for om lag halvparten av svinnet. Det ønsker daglegvarebutikkane gjere noko med.

– Vi skal ha minst mogleg matsvinn, og her på Rema skal vi vere gode til det, seier butikksjef Karstein Ingebrigtsen på Rema 1000 Torshov.

Fleire tiltak

Der har dei sett i gong ei rekke tiltak for å kutte matsvinnet i butikken. Alle varer skal kome til nytte for forbrukarane, anten sal med rabatterte prisar eller ved å gi vekk utgåtte varer. Det gjeld spesielt for kjølevarer der datoen må passast ekstra godt på.

– ­Kvar morgon sjekkar vi datoen på alle kjølevarene i butikken. Dei varene som er på dagens dato, set vi ned med femti prosent. I tillegg kan vi setje ned prisen på varer vi har for mykje av, til dømes med tretti prosent, forklarer Ingebrigtsen.


TILBOD: Fleire utgåande matvarer vert selt med rabattert pris kvar dag. Foto: Bendik Rise

Positivt for alle

Eit anna tiltak alle Rema-butikkane har gjort, er å selje brød til halv pris på kvelden. Etter 22.00 heng dei opp tilbodsplakaten slik at kundane kan gjere eit godt kjøp.

– Det er positivt for både oss, kundane og miljøet. Og om det skulle vere brød til overs etter det, så vert det brukt til dyrefôr. Ingenting skal kastast her, seier butikksjefen.

Han synes kundane har vorte mykje flinkare til å kutte matsvinn, spesielt etter at tiltaka vart sett i verk. Butikksjefen har ikkje tal på kor mykje mat dei kasta før i forhold til no, men seier det er merkbart mindre mat som går i containeren no.

– Kundane er med på kampen mot matsvinn, og det er heilt fantastisk. Både butikken, kundane og ikkje minst miljøet nyt godt av det. Det er vel ikkje så verst for lommeboka til kunden heller, seier Ingebrigtsen.


FOR MYKJE BRUS: Coca Cola var ei av varetypane som var på tilbod denne veka. Foto: Bendik Rise

Gleder mange

Men sjølv om varer vert prisa ned, er det ikkje alt som vert selt. Likevel kjem maten til nytte. Fleire av daglegvarekjedene, inkludert Rema 1000, har oppretta ein avtale med Fattighuset i Oslo. Det er ein organisasjon som har som mål å hjelpe menneske som slit og har det vanskeleg økonomisk, mellom anna ved å dele ut mat. Då kjem overskotsmaten frå matbutikkane godt med.

– Det hjelp oss veldig mykje. Ofte er vi tomme for mat, og då er det flott å kunne hente overskotsmat hjå butikkane, seier Desiré Kelkoul-Sander frå Fattighuset.

Ho legg til at nedprisinga i butikkane har gjort at dei får litt mindre mat og at kvaliteten synker litt av den grunn. Likevel kjem maten til nytte for folk som treng det.

– Det er mange menneske som er glade for den hjelpa vi får frå butikkane, avsluttar ho.

Emneord: 
Tags: