Miljøstasjonane i P48 på OsloMet har ikkje eigen stasjon for matavfall. Foto: Kristina Gjerde

Kor skal matavfallet?

På miljøstasjonane i bygget P48 er det berre restavfall, papir og plast som kan kastast. Grunnen? Studentane er for dårlege til å kjeldesortere.
Torsdag, 3 november, 2022 - 19:21

Befolkninga vert stadig oppfordra til å kjeldesortere, men på P48 på OsloMet er det berre éin plass ein kan sortere matavfallet sitt. På dei andre miljøstasjonane rundt om i bygget er det berre laga plass til å kaste restavfall, papir og plast.

– Det gjer det vanskelegare å ta gode val, seier studentane Bettina Mork-Trondal og Ingrid Lauvsnes.


Om ein skal kaste glas, metall eller mat, må ein ned i fyrste etasje i P48. Foto: Kristina Gjerde

På ein lapp ved miljøstasjonane vert ein henvist til fyrste etasje for å kaste matavfallet. Dette er den einaste plassen i bygget det er mogleg. Mork-Trondal synst det er synd at det ikkje er fleire plassar, og trur at mange vel å kaste matavfallet i til dømes restavfall i staden for å gå ned i fyrste etasje.

– Mange på vår alder er opptatt av å vere miljøvenlege, men systemet må vere på plass for at det skal vere lett å ta dei gode vala, seier ho.

Skitne plastbeger og papirposar med mat i

Husøkonom ved OsloMet, Marit Spicer, forklarar imidlertid at grunnen til dette er fordi studentane ved OsloMet generelt er for dårlege til å sortere.

– Den dagen studentane klarar å sortere papir og plast ordentleg, kan me sette ut matavfall, fortel ho.

Ho fortel om skitne plastbeger i plastavfallet og papirposar med matrestar som hamnar i papiravfallet. Alt dette hamnar dermed i restavfall fordi det er ureint og ikkje sortert riktig.


Slik ser det ut i ein avfallsdunke i P48. Både bananskal, tomflasker, plast og pappbeger er blanda. Foto: Kristina Gjerde

– Reinhaldarane si oppgåve er ikkje å sortere avfallet til studentane. Det skal heller ikkje vere naudsynt i 2022, seier ho.

I tillegg forklarar ho at det vert brukt mange plastposar i samband med kjeldesortering. Tidlegare var planen at restavfallet skulle verte tømd kvar dag, medan plast og papir skulle verte tømd 1-2 gongar i veka. 

– No må me tømme alt kvar dag fordi det er så mykje som er ureint. 

Spicer legg til at enkelte er veldig flinke til å kjeldesortere, og at om ein ikkje veit kor ein skal sortere avfallet sitt, så benyttar ein restavfallet. Ho oppfordrar også studentane til å kome med innspel til korleis løyse problemet. 

– Draumen er jo at me skal få det til, avsluttar Spicer.