– Ulikt alt anna

Denne drikkehallen tilbyr noko få andre i verda kan matche.
Mandag, 28 november, 2022 - 14:00

Samling av matboder er det mange av i Tigerstaden. Noko meir uvanleg er fleire drikkeboder samla under same tak. Bransjefolk frå New York seie dei ikkje har sett liknande.

I Prinsens Gate 8 ligg ein gammal posthall som det siste året har fått ein total forvandling. For to veke sidan opna dørene og ein ny utestad vart fødd, Posthallen Drinkhub. Ein ølbar, tre vinbarar og 6 cocktailbarar finn ein der inne. Aldersspennet strekk deg frå 20 til 70 år og det er mykje å velge i. Ein av dei som står bak utestaden, Tomas Ricciardi, fortel om ei positiv opningsdag.

– Vi var litt forsinka med sjølve åpninga. Men då vi først åpna vart det fullt på under 45 minutt.


Thomas Ricciardi Foto: Fredrik Lilleaasen

Lokalet har plass til i overkant av 500 og plassane er spredt rundt i lokalet.

Stort utvalg

Store barnamn har teke turen for å tilby sine drikkevarer, noko som har vært det viktigaste fundamentet for å oppnå suksess meiner Ricciardi.

– Målet har vore å få dei beste frå barnorge hit. Vi lokka med veldig god beliggenhet sentralt i Oslo. Leverandører som før ikkje har vore sjølvstendige kan drive her, fortel han vidare.

Ricciardi opplyser at stedet vil ha 20 års aldersgrense og vil starte med å servere mat allerede denne uken:

– Når folk ikkje klarer å bestemme seg for kvar de skal reise etter jobb, så kan ein møtes her for å få litt av alt.


Romslig og lav belysning er en gjenganger i Posthallen Drinkhub Foto: Fredrik Lilleaasen

– Imponerende mange barer

– Dette er første gongen min her. Men eg kjem gjerne tilbake igjen seinare, fortel besøkande Georg Lindfjell.

Han satt seg inn på utestedet for å få unna litt jobb før togturen heim igjen. Han er overraska over mengda med barar og seier han ville ha utforska litt meir.

– Stilig konsept og finer farger. Imponerende mange barer, avslutter han.


Georg Lindefjell stoppa innom på vei til toget Foto: Fredrik Lilleaasen

 

Emneord: 
Tags: