Oshol som dette kan oppstå i isen når værforholda er milde. Foto: Bymiljøetaten/Oslo kommune

Åtvarar mot ferdsel på isen

Bymiljøetaten oppdaga sundag kveld fleire hol i is over vatn i Oslomarka. Sjølv om temperaturen vil synke, åtvarast det framleis mot aktivitet på isen dei neste dagane.
Tirsdag, 17 januar, 2023 - 15:39

Under preparering av skøytebanane på Sognsvann og Steinbruvann fann Bymiljøetaten opningar i isen. 

– Isen har blitt måla jamleg, og den har vore trygg. Men då me køyrde firehjulingen med skjær og brøyta bana, såg me at det var store hol som kan føre til ulykke, seier seksjonssjef for Nordmarka Knut Johansson. 

Vatnstraumingar og tung snø

Johansson trur hola kjem som følge av vatnstraumingar frå grunna. 

– Det vil fort kunne øydeleggje is som er over, spesielt viss det ikkje er så djupt. Då vil vatnet under ha rask effekt på isen, og kunne lage hol sjølv om den er trygg på sida. 

Regn kan også spele ei rolle i danninga av hola. Stor nedbørsmengd den siste tida har gjort snøen over isen tung. 

– Isen har ikkje så stor flyteevne, og tung snø opp på pressar den ned. Det blir trykk i heile vatnet. Når det då er ein sprekk, og det straumar vatn nedanfrå opp gjennom slike opningar, så er det vatnet varmare enn isen og vil kunne føre til smelting og hol. 


Sognsvann er eitt av vatna kor Bymiljøetaten legg til rette for aktivitet, og derfor oppdaga hol under preparering. Foto: Sahil Zafar

Fryst igjen 

Temperaturen sank noko i løpet av måndagen, som gjorde at hola på vatna fryste igjen. Likevel påpeikar han at været er ustabilt, og at isen derfor ikkje har rukke å bli ordentleg tjukk. 

– Ein treng meir kulde. No snør det som berre det, og det er rundt null gradar. Dermed legg det seg isolerande snø opp på den ishinna som er skapa, og frysningshastigheita er nærast ikkje-eksisterande. Isen er svekka inntil det kjem meir kulde. 

Gode prognosar for isbygging

Vakthavande meteorolog Per Egil Haga ved Meteorologisk Institutt forklarar også at tung snø og mild vinter gjer at det tek litt tid før isen blir tjukk. 

– No er det ganske mildt til å vere midtvinters, og i Oslo har me låge temperaturar. Det er ikkje særleg gunstig når det gjeld isen. Dersom det er tynn is og mye snø over, så vil det fungere som et varmeteppe over isen, det gjer at det tar litt tid før kulden slår gjennom. 

Haga meinar likevel at det er gode prognosar for isoppbygging framover. 

– Utviklinga dei næraste dagane er at me skal få kaldare vær. Det vil være kaldare luftmasse, og skydekke skal lausa seg. Særleg fredag og laurdag kan det gå ned i kanskje ti minusgradar, og det er gunstig for isdanninga. Så det er gode prognoser for å bygge tryggere is i dagene vi har framfor oss. 

Opnar ikkje enda

Johansson er kjend med at været blir kaldare, men seier det trengs lågare temperaturar til for at Bymiljøetaten skal tilrettelegge aktiviteten på dei to vatna. 

– Det er kaldt mot helga, men me treng kulde ein del dagar før banen skal opnast.

Ver førebudd

Redningsmann i norsk luftambulanse, Arne Sveinhaug, forklarar at førebuing er betydeleg når ein skal ferdast på islagte vatn.

–Det viktigaste er å forberede turen viss du veit at du skal gå på is. Då kan du gå inn å sjekke isvarselet på varsom.no. Tommelfingerregelen for når ein skal ferdes på is, seier også at ein skal holde seg unna inn og utløp. Der er vatn i bevegelse, og isen vil alltid vere tynnare og meir utrygg.

 Å ha med seg riktig utstyr har også mykje å seie.

–Då er det ispiggar som er det vanlegaste alternativet. Når du skal gå på is bør du også ha med deg ombyte, fordi når du først har gått gjennom så blir du våt. Då har du i alle fall mogelegheita til å ta på deg tørt. Pakk også i vatntette baggar i ryggsekken. Då har du ein ryggsekk som også fungerar som ein flytevest, seier Sveinhaug. 

Emneord: