Molde vann til slutt 35-29 over Aker. Foto: Bendik Rise

Etterlengta siger for Molde

Molde kunne endeleg juble for to poeng igjen, då dei slo Aker komfortabelt i sesongens tolvte serierunde.
Torsdag, 19 januar, 2023 - 11:00

Aker-Molde 29-35

– Endelig!

Det seier ein strålande blid Tor Odvar Moen etter at laget hans vann sin første kamp sidan november.

Forrykande start

Aker tok onsdag kveld imot Molde i Ullern fleirbrukshall. Der var det gjestane som kunne juble til slutt, etter ein solid prestasjon. Likevel var det ikkje alt som tydde på det godt ut i første omgang.

– Kampen startar heseblesande, der dei kjem hardt ut og tek store sjansar i spelet sitt. Det lukkast dei med. Då vert vi litt frustrerte, men etter 15-20 minutt så gjer vi det vi skal og kontrollerer kampen ut. Det er eg veldig fornøgd med, seier Moen.


​Molde kunne juble høgast, men Christensen (nr. 22) vart toppscorar med ti mål. Foto: Bendik Rise

Like fornøgd har ikkje alle i Molde vore siste tida. Med heile seks tap på rad i alle turneringar, har det ikkje berre vore lett for Molde-leiren.

– Det har sjølsagt vore litt tungt, men vi har jobba mykje utanfor bana for å verte tryggare på oss sjølve. Der vi tidlegare har vorte frustrerte og tapt, løyser vi det mykje betre i dag, forklarer trenaren.

– Dritdigg

Oppgjeret var jamnt lenge og etter halvspelt første omgang stod det 9-9 på resultattavla. Men like etter gjekk ein Molde-spelar i bakken og speaker spelte «Så går vi rundt om en enebærbusk» over høyttaleranlegget. Julesongen skulle vise seg å vere akkurat det Molde trengte. Etter ein timeout, gjekk dei kjapt opp i ei tremålsleiing, og auka den til fem mål før pausesignalet gjekk på stillinga 16-21. Derifrå og ut hadde Molde full kontroll.


Det vart etter kvart store rom for Molde å boltre seg i. Foto: Bendik Rise

– Dette var dritdigg, rett og slett. Eg synes¨t vi gjer enn betre kamp enn vi har gjort i det siste, så eg er veldig fornøgd med å ta med oss ein siger herifrå, seier Molde-spelar Mona Obaidli.

Ho var kampens store spelar, og vart også kåra til banens beste. I tillegg til fleire vakre pasningar som leia til mål, vart ho også Molde sin toppscorar med sju scoringar.

– Det var ein ok kamp frå mi side, sjølv om eg hadde ein del bomskot også, seier Obaidli.

Blanda kjensler

Heimelagets trenar, Lars Harald Abelsen, hadde ei rar kjensle etter kampen.

– Den første omgangen vår er eigentleg ganske bra, men så renn det inn bakover. Vi kan ikkje sleppe inn 21 mål på ein omgang. Når vi startar andre omgang er vi også veldig forsiktige. Då vert vi spist opp, sukkar Abelsen.

Hektisk

Utover kampen hadde Aker ikkje sjanse til å henge med Molde. Leiinga til Molde vart auka til ni mål på det meste, og Molde fekk dermed sjansen til å kvile fleire av sine beste spelarar før Champions League-kampen til helga. Både Mona og Sherin Obaidli samt Thale Deila fekk mange minutt på benken, før dei til slutt vann 29-35.

– Vi må ha det slik i ei hektisk periode. Det kostar å spele mange kampar og reise mykje, seier Moen.

Allereie laurdag speler Molde kamp borte mot Siofok i Champions League. Der må dei ta poeng for å kunne kvalifisere seg til sluttspelet.

Med onsdagens siger, klatra Molde opp til fjerde plass i Rema 1000-ligaen, medan Aker framleis er på tiande plass, to poeng framfor Volda på siste plass.