Støtta til ungdomsfiske skal bidra til at unge vel å arbeide på båtar som denne. Illustrasjonsfoto: Fiona Paton (CC BY-NC-ND 2.0) Flickr

Lys ut to millionar til ungdomsfiske

Regjeringa vil bidra til at fleire unge vel fiskaryrket.
Mandag, 16 januar, 2023 - 13:44

Pengane vil gå til kommunar som legg til rette for at ungdom mellom 12 og 25 år kan tileigne seg erfaringar frå fiskaryrket. Det melder regjeringa i ei pressemelding publisert på deira nettside. 

– Eg har møtt mange gutar og jenter som drøymer om å bli fiskar og leve av havet ein dag. No får dei moglegheit til å prøve ut draumen, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran i pressemeldinga. 

Ordninga blei prøvd ut for fyrste gong i fjor. Då kom Nærings- og fiskeridepartementet seint i gong med utlysinga, noko som gjorde at fleire kommunar meldte tilbake om dårleg tid til planlegging. Difor kjem årets utlysing allereie no.

– Tidlegare oppstart vil gi kommunane betre tid til å planleggje, og aukar moglegheitane for å nå ut til fleire interesserte ungdommar, fortel fiskeri- og havministeren. 

Kommunane kan søke om tilskot til ungdomsfiskeprosjekt på opp mot 200.000 kronar, og støtta kan fordelast på fleire kommunar innafor den totale ramma. Fristen for å søkje er 28. februar.

Emneord: 
Tags: