Kamilla Romås (f.v.), Marie Fahre, Sigrid Tunes og Ingeborg Sæter går på Foss vidaregåande, og er ein av fleire tusen avgangselevar som skal ha eksamenar for fyrste gong til våren. Foto: Maren Skovrand

Avgangselevar er urolege for eksamen

Heilt sidan tiande klasse har alle eksamenar blitt avlyst for landets noverande tredjeklassingar ved vidaregåande skule. Til våren er dei avgangselevar, og skal for første gong ha dei avsluttande prøvane.
Torsdag, 16 februar, 2023 - 17:32

Sidan 2020 har alle skuleeksamenar blitt avlyst som følgje av koronapandemien. Det tyder at årets kull med avgangselevar i vidaregåande skule ikkje har noko erfaring med dei avgjerande og avsluttande prøvane. Likevel har Kunnskapsdepartementet slutta at eksamen skal holdast som normalt i år. 

Det gjer elevar ved Foss vidaregåande skule urolege. Tredjeklassing Marie Fahre og veninnene trekk blant anna fram at dei følar dei manglar viktig grunnlag, synes det er urettferdig at dei må konkurrere med koronakulla og ynskjer seg meir tilrettelegging utanom det som er vanleg før ein eksamen. 

 

Emneord: