Mange ønskjer å døy i heimen sin. Utan Team Alvorlig Syke vil dette bli vanskelegare å få til. Foto: Privat

Slutt for Team Alvorlig Syke

Frå og med 1. januar 2024 vil Team Alvorlig Syke, i bydelen Østensjø, ikkje lenger eksistera. Det reagerer brukarane, dei pårørande og teamet sjølv sterkt på.
Tirsdag, 7 november, 2023 - 16:05

Tidleg i haust kom nyheita om at Team Alvorlig Syke (TAS), eit spesialteam under heimetenesta i bydelen Østensjø, skulle avviklast. Teamet består av fleire sjukepleiarar med vidareutdanning i onkologi og palliasjon, som jobbar tverrfagleg ilag med fysioterapeutar og kreftkoordinatorar.

– Tenesta i seg sjølv går ut på å kunne gi eit behandlingstilbod til alvorleg sjuke, med forventa kort levetid, som passar deira behov for å kunne bu heime, forhindre innleggingar og få døy ein fredeleg død heime, skriv Team Alvorlig Syke, til Journalen.

Den 26. september blei dei tilsette i TAS  orientert om endringane som skulle skje. Og den 9. oktober blei forslaget vedteke internt.

Sjokkbeskjed

Både for TAS, brukarane og bydelsutvalpolitikarane kom beskjeden om nedlegginga uventa. Teamet sjølv ser på det heile som ei nedlegging, medan bydelen seier at det handlar om ei omorganisering. Det vil ikkje lenger være eitt team med all den samla kompetansen som TAS i dag har, dei vil heller bli spreidd ut over dei fem geografiske teama som heimetenesta har i Østensjø bydel. Brukarane som i dag nyttar seg av tenesta, vil også følgje med dei tilsette, og bli fordelt utover dei geografiske teama.

Rannveig Renolen, avdelingsdirektør for meistring og omsorg, i bydel Østensjø, skriv dette:

–  Organisatoriske endringar er ikkje rett fram, og vi har stor forståing for at dette påverkar medarbeidarane i TAS og dei geografiske tema. Likevel er det viktig for oss å få fram at tenestene som teamet i dag utførar skal vidareførast i dei geografiske teama.

TAS fekk aldri moglegheita til å delta i prosessen som førte til slutninga om å leggje ned teamet, kjem det fram i ein artikkel, skriven i Norstrand Blad.

Måndag 16. oktober var dei derfor på plass på bydelsutvalmøtet for å kjempe om si rett til å bli høyrd i saka. Møtet enda i at bydelsdirektøren inviterte TAS til ei medverknadsprosess. Der det i frå veke 43 skulle utførast ei rekkje møter, slik at teamet kunne kome med sine vurderingar om det å splitte opp teamet.

– Det har blitt gjennomført eitt møte sidan omstillinga blei gjort kjend, kor det kan diskuterast om dette er eit medverknadsmøte eller eit informasjonsmøte, fortel TAS i ein e-post, til Journalen.  

Vidare fortel teamet at etter dette møtet har det blitt gjennomført ei risikoanalyse. Og per dags dato er det ei arbeidsgruppe, som startar å sjå på korleis risikofaktorane kan minimaliserast etter omstillingsprosessen, noko som er standard prosedyre for omstillingar.

–  Arbeidsgruppa, med deltakarar frå både TAS og dei geografiske teama, arbeidar i fellesskap for å finne gode rutinar for å fortsette å gi tenester til alvorleg sjuke. Med erfaringar frå når tenester til alvorleg sjuke var ein del av dei geografiske teama, før 2018, forklarar avdelingsdirektør Renolen.

– Kva som kan kome ut av ei slik arbeidsgruppe har vi endå ikkje full kjennskap til, skriv TAS i e-posten.

Bydelen har tidlegare uttalt seg i Norstrand Blad, der dei skriv at før dei ser korleis omorganiseringa fungerer i praksis, vil det ikkje være aktuelt å gå tilbake på omorganiseringa.

 

Mange reaksjonar 


Kine Hjelmervik Sukantakul, tidlegare pårørande og brukar av Team Alvorlig Syke. Foto: Privat

Kine Hjelmervik Sukantakul er tidlegare pårørande til sin pappa som fekk nytte seg av TAS då han var alvorleg sjuk. På grunn av teamet fekk dei tilrettelagd det dei trengde for at han skulle få døy i heimen sin. Dette ønskjer ho at fleire kunne fått moglegheita til.

– Kva er det som gjer tenesta TAS så unik?

– Det er den einaste seksjonen innan heimesjukepleia, så vidt eg veit, som har spesialisert seg på alvorleg sjuke menneskjer. Teamet jobbar dedikert og målretta for å hjelpe menneskjer med å leve med ein alvorleg diagnose, og hjelpe dei og deira pårørande når livet går mot slutten, fortel Sukantakul.

Vidare fortel ho korleis teamet tar vare på, og ser heile menneskje. Det er alltid ein dyktig kollega som fortset der den andre slapp, og andleta som kjem inn døra er kjende. I ei tid i krise var det godt for pappa og oss å kunne ha eit stabilt team med folk som kunne faget sitt.

– Kva var det du og din familie sette mest pris på ved TAS?

– Tryggleik, det å vite at dei var der og varetok pappa og oss som pårørande. Også det at dei tilrettelagde, organiserte og ordna alt det praktiske med utstyr, medisinar ol. Me slapp derfor å tenkje på alt det andre rundt, og fekk være kun pårørande, fortel Sukantakul.

– Kva syns du om at TAS vil bli avvikla?

– Eg er svært bekymra. Det er tragisk. Alvorleg sjuke missar eit tilbod som ikkje kan erstattast av generell heimesjukepleie, fortel Sukantakul.

Sukantakul meiner at i staden for å fjerne tilbodet som nå er, bør det utvidast til å gjelde alle plassar i Oslo, og resten av landet.

 

Fleire vil truleg slutte

– Trur du dei geografiske teama vil kunne tilby den same gode tenesta som TAS har gjort?

– Nei. Det er komplekst å ivareta alvorleg sjuke menneskjer. For i det heile tatt å kome i posisjon til å kunne hjelpe, må det dannast ein god relasjon og eit tillitsforhold, fortel Sukantakul.  

– For å kunne være heime, må det følast trygt. Og det krevjar kontinuerleg observasjon og døgnkontinuitet. Bydelen vil misse god opparbeida kompetanse, legg Sukantakul til.

Når det same spørsmålet blei stilt til TAS, blei svaret dette.

– Me trur ikkje at same gode tenesta vil bli tilbudd vidare for pasientane, og det er det mange grunnar til. Dessverre vil truleg fleire av sjukepleiarane slutta, då dei ikkje lengre vil kunne jobba på same måte med sitt fagfelt, noko som igjen vil vekke kompetansen i heile bydelen, skriv TAS i ein e-post.

Dei meiner også at det vil bli vesentleg vanskelegare for brukarane å få hjelp døgnet rundt av dei med spissa kompetanse, då dei truleg kun vil være tilgjengeleg frå kl. 08:00-15:00.

– Bydel Østensjø må sjå samla på alle behova innbyggarane våre har, uavhengig av diagnose, når vi organiserer tenestene våre, så vi sikrar likeverdige tenester til dei som treng heimesjukepleie. Dette meiner vi at vi får betre til ved å styrkje dei geografiske teama med kompetansen til TAS, står det i ein e-post frå bydelen, skriven av Renolen.

– Bydel Østensjø er i ein omstillingsfase der vi må sjå på alle tenestene våre og finne ut korleis vi best kan møte innbyggaranes behov, når dei treng det, både i dag og i framtida. Dette må vi gjere innanfor dei økonomiske rammene vi har blitt tildelt, skriv Renolen, avdelingsdirektør i meistring og omsorg, i bydel Østensjø.