Sandra Borch måtte gå av som forskings- og høgare utdanningsminister etter avsløringar om plagiat i masteroppgåva hennar. Foto: Ragne B. Lysaker (CC BY-ND 2.0 DEED)

Difor vart ho ikkje tatt

E24 har gjennomgått Sandra Borch si masteroppgåve og funne ut at 21,9 prosent av oppgåva var kopiert frå andre oppgåver. Men kvifor vart ho ikkje tatt for ti år sidan?
Onsdag, 31 januar, 2024 - 15:46

Sandra Borch måtte den 19. januar gå av som forskings- og høgare utdanningsminister. Aftenposten har rekna seg fram til at om lag 28 prosent av masteroppgåva til Borch var kopiert frå andre sine oppgåver. 

NRK omtalte saka fyrst og har snakka med NTNU-professor Dag Svanæs, som meiner at det er mykje vanskelegare å jukse for studentar nå enn før.

— Vi som er rettleiarar for masteroppgåver, har fått mykje betre verktøy dei siste åra som utfører automatisk plagiatkontroll, seier Svanæs.

Men kvifor vart ikkje Borch tatt for fusk attende i 2014? Da Borch leverte oppgåva si, brukte Universitetet i Tromsø eit plagiatprogram som heitte Ephorus. I dag brukar dei Ouriginal, som er mykje meir avansert, og fangar opp plagiat som Ephorus kanskje ikkje gjorde.

Men det er ikkje berre dataprogrammet som gjer det enklare å oppdage plagiat. Julia Holte Sempler ved UiT seier at Ouriginal har betre teknologi og større informasjonstilfang, men nemner og ein anna viktig faktor.

— Ein meir konkret forskjell er at vi i dagens system har adgang til andre databasar hjå andre institusjonar med same program. Dette gjer det mogleg å avdekke tekstlikheitar mellom eksamensoppgåver ved ulike institusjonar, sjølv om dei ikkje er publiserte, seier ho.

Emneord: 
Tags: