Mange møtte opp på Eidsvolls plass for å vise si støtte. Foto: Enya Heggestad

Streikar for å stoppe krigsbrotsverk

Streikarane vil ikkje gi seg før alle dei fire krava deira er innfridd.
Mandag, 26 februar, 2024 - 12:06

– Fritt Palestina! Fritt Palestina!

Det krydde av menneske som ville vise si støtte til palestinarane under lysmarkeringa 21. februar.

Under aksjonen var det markering med lystenning saman med dei som har streika framfor Stortinget den siste veka.


Aksjonistane samla seg rundt desse lysa for talar og informasjon. Foto: Enya Heggestad 

Dei aller fleste bar det tradisjonelle palestinaskjerfet under markeringa.

Gaza-krigen

– Israel-Palestina konflikta er først og fremst ein territorial konflikt.

– Gjennom krigføring vart staten Israel oppretta i 1948, sidan da har konflikta mellom Israel og Palestina vore prega av eit skeivt maktforhold med eit militært sterkt Israel på den eine sida, og eit delt palestinsk folk utan ein eigen stat på den andre.

– Ein ny krig starta 7. oktober etter at Hamas gjekk inn i Israel og drap over 1100 personar.

– Ifølgje FN skal Israel sitt militær no ha drepe i overkant av 29.000 palestinarar, inkludert over 10.000 barn.


Chiara Cavallari var ein av mange som møtte på lysmarkeringa. Foto: Enya Heggestad 

Ei litt annleis markering

Tidlegare har det vore høge rop og bombelydar retta mot Stortinget, men under lysmarkeringa var stemninga ganske annleis.

– Vi vil rett og slett visa omsyn til dei som sveltestreikar, fortel Chiara Cavallari, som har vore med å arrangere markeringa.

Dei mange lysa og den gule refleksvesten lyser opp den ellers mørke kvelden.

I tillegg presiserer ho at det har vore så mange demonstrasjonar den siste tida, så det er fint å ha ei litt rolegare lysmarkering denne gongen.

Cavallari har saman med Aksjonsgruppe for Palestina vore med å arrangere lysmarkeringa.

Aksjonsgruppe for Palestina

Aksjonsgruppe for Palestina er ei tverrpolitisk, livssynsnøytral adhoc gruppe som jobbar for fred og rettferd i Palestina.

Stenger Stortingsinngangen

Langt frå Stortingsinngangen kunne ein ane aksjonistane sine rop.

Morgonen fredag 23. februar samla dei seg utanfor inngangen til Stortinget. Dei blokkerte inngangen, men ifølgje politiet hadde dei løyve til å stå der å fremje sitt bodskap, utan at dei skulle bryte inn.

Den ellers grå inngangen var farga av dei palestinske flaggfargane.


Aksjonistane blokkerte inngangen til Stortinget ved Akersgata. Foto: Enya Heggestad 

Kravet til aksjonistane var tydeleg: “Stopp norsk delaktigheit no”.

Aksjonistane sto tett i tett og innanfor blokaden låg dei streikande på liggjeunderlag. Politkarane måtte finne ein annan inngang.

Politisk streik

I teltet utanfor Stortinget har dei no gått svoltne i over ei veke for å vise støtte til alle dei utan mat i Gaza. Dei har ingen planar om å gje seg før alle krava er innfridd.

Det er enno kjølige temperaturar ute, men inne i teltet er det varmt. Nokre av aksjonistane bur der medan dei streikar.

Etter lysmarkeringa samla ei folkemengd seg inne i teltet.  Det var blanda kjensler, fint, men trist, meinte nokon.

Veggane i teltet er dekka med det palestinske flagget i alle størrelsar.


Inne i teltet var det chants, samtidig som enkelte dreiv med handarbeid. Foto: Enya Heggestad 

Ei gruppe på rundt ti aksjonistar tok eit val etter nye tal frå FN vart kjende - dei skulle ut i sveltestreik.

– Ein blir jo sliten og litt sånn energifattig, men det går greitt, eg taklar det. Det sa fredsaktivist og streikar Fredrik Glad-Gjernes.

Per torsdag 22. februar er han på sin åttande dag utan mat.

Til vanleg er han dagleg leiar i menneskerettsorganisasjonen KFUK-KFUM global. No har han teke permisjon og deltek i sveltestreiken.

Aksjonistane trur og håpar at regjeringa vil vakna litt når dei innser at menneske er villige til å bruka såpass sterke verkemiddel som dei no gjer.

– Eg trur det blir eit litt anna nivå når folk byrjar med politisk sveltestreik, dette er eit politisk verkemiddel som ikkje kan ignorerast, meiner Glad-Gjernes.


Fredrik Glad-Gjernes har gnisten med seg, til tross for mangelen på mat den siste veka. Foto: Enya Heggestad 

– Hovudmålet med aksjonen er å stoppe norsk delaktigheit i krigsbrotsverk i Palestina, og vi har fire krav som går ut på at Noreg må slutte å støtte Israel militært, fortel aksjonisten.

Kritiske tilstander 

Det var ein ny rapport frå FN som påverka aksjonistane til å ta dette drastiske valet. Men kva viser denne rapporten?

Blant anna seier rapporten at 1 av 6 barn i Gaza lid av akutt underernæring. 

Ifølgje den same rapporten er det truleg at ernæringssituasjonen vil forverre seg raskt.

– Dei streikar jo i solidaritet med palestinarane, som faktisk blir utsvelta akkurat no. Vi må vise regjeringa at vi tyr til slike verkemiddel for at dei skal innfri krava våre, seier Chiara Cavallari.

I tillegg til matmangelen, manglar heile 81 prosent av hustandar i Gaza tilgang på reint og trygt vatn. Det vil sei at den gjennomsnittlege hustanden har tilgang på under ein liter vatn per person, per dag. 

Enkle krav

Ifølgje Glad-Gjernes er krava til aksjonistane relativt enkle å innfri.

Aksjonistane sine krav

- At Stortinget gjer det ulovleg å importera varer og tenester til Noreg frå selskap som handlar med folkeretsstridige busettingar.

- At Stortinget gjer det ulovleg for Oljefondet å investera i selskap som medverkar til oppretthalding av folkerettsstridige busettingar.

- At Stortinget gjer det ulovleg for Oljefondet å investera i selskap som sel våpen til land som bryt med folkeretten.

- At Stortinget gjer det ulovleg for norske selskap å selja våpen til land som bryt med folkeretten, inkludert via tredjeland.

– Mange av desse krava kan regjeringa innfri over natta, meiner fredsaktivisten.

Ifølgje han bryt den norske regjeringa med internasjonal lov. Han tek for seg alle dei fire krava, og kvifor desse skal vere enkle å innfri.

Det eine kravet deira er at det skal bli ulovleg for norske selskap å selje våpen til land som bryt med folkeretten, inkludert via tredjeland. Lova slik som ho er no seier at det er ulovleg å selje våpen direkte til Israel. Likevel sel norske selskap våpen til USA, som Glad-Gjernes fortel at USA sel vidare til Israel.

– Det står klart i internasjonal lov at ein ikkje skal støtte land som operer i strid med krigens reglar, seier han.

Løysinga på dette skal vere rimeleg enkel, meiner aksjonistane og gjev eit eksempel:

– Noreg kan enkelt utvikle ein sluttbrukarerklæring, og sei at alle norske selskap som sel våpen må legge inn ein klausul om at sluttbrukarerklæring skal respekterast.

Dette inneber at dersom eit land ynskjer å selje eit våpen vidare, som er kjøpt av eit norsk selskap, må dei ha løyve frå dette selskapet først.


Krava for sveltestreiken prydar også veggen inne i teltet. Foto: Enya Heggestad 


Raudt-politikaren meiner aksjonistane sine krav er viktige. Foto: André Løyning (CC BY 2.0 DEED Wikimedia Commons)

– Manglande politisk vilje

Raudt-politikar Bjørnar Moxnes stiller seg på side med aksjonistane. Han meiner krava deira er viktige, og at dei kan bidra til å presse Israel mot å få slutt på overgrepa mot sivilbefolkninga på Gaza og okkupasjonen av Vestbredden.

– Alle krava er mogleg for norske myndigheiter å innfri. At dei ikkje er innfridd handlar utelukkande om manglande politisk vilje frå dei store partia, seier han.

Gjer seg ikkje

Aksjonistane har ingen planar om å gje seg før krava deira er oppnådd. 

– Vår plan no er å forsetja med denne politiske streiken fram til alle dei fire hovudkrava er innfridd. Det er mogleg for myndigheitene å hjelpe oss til å avslutte streiken i løpet av få dagar, dei må berre forstå at det er etisk, moralsk og politisk riktig å innfri krava våre, fortel Glad-Gjernes.

Vil du lære meir om krigen i Gaza?

FN forklarer konflikta her.

Leger uten grenser har denne sida for sine siste nytt frå Gaza.

 

Emneord: