El-syklar og el-sparkesyklar forsvinn frå bodar i Sigurd Hoels vei på Ensjø. Foto: Åsne Eriksen Skaugen

Stal sykkel for 100.000 kroner

Sidan 29. desember har to unge tjuvar brote seg inn i eit boligsameige på Ensjø tre gonger. Målet er tilsynelatande syklar og el-sparkesyklar.
Mandag, 19 februar, 2024 - 13:49

Ifølge Avisa Oslo har det vore innbrot i minst tre bodar i sameiget Tiedemann Utsiktskvartalet sidan romjula.

Styreleiar i sameieget, Cato Olsen, meiner at det er dei same to gutane som har brote seg inn alle tre gongene.

Ifølge Olsen bruker tjuvane brekkjern for å komme seg inn der dei vil. Etter kvar gong tjuvane har brote seg inn, har sameiget reparert dørene. 

Han konstaterer at dette har kosta dei en del.

Innbrot i fleire sameige på Ensjø

I eit nabosameige har det også vore innbrot i februar, men det er enda usikkert om det er dei same tjuvane.

Det er rapportert innbrot i seks ulike adresser i Sigurd Hoels vei sidan romjula.

Ifølge ein bebuar på ei av adressene, har fleire bebuarar varsla styret i sameiget då dørene til bodane deira har blitt brotne opp.

Bryt seg lett inn

På ein overvakningsvideo kan ein sjå at tjuvane bruker 11 sekund på å dirke opp inngangsdøra til ei av blokkene.

I løpet av ei veke har det forsvunne minst fire syklar frå det eine sameiget.

Dei stel el-syklar, racersyklar og elsparkesyklar.

Ifølge styreleiaren er den dyraste sykkelen som har forsvunne verd 100.000 kroner.

 

Emneord: