Den populære el-bilen har fått flest klagar frå forbrukarane. Foto: Enya Heggestad

Tesla med flest forbrukarklager

Tal frå Forbrukertilsynet viser at Tesla var på klagetoppen i Noreg i 2023.
Torsdag, 22 februar, 2024 - 15:42

Oversikta frå Forbrukertilsynet er basert på tvistesaker dei har mottat i 2023.

Sakene kjem frå klager på både nye og brukte bilar, og både privatsalg og forbrukarkjøp.

På klagetoppen

Tesla tronar øvst på klagetoppen, etterfølgt av Audi og BMW.

I følge oversikta er det Tesla som har høgst tvistegrad, altså flest tal tvistesaker per bil på vegen. Tvistegraden er oppgitt i promille, og Tesla si tvistegrad er på 1,7.

Tesla er også det bilmerket som har lågast snittalder, på berre fire år.

– Klageandelen er høg, og det er tydeleg at mange forbrukarar opplever utfordringar med Tesla, seier Thomas Iversen, seniorrådgivar i Forbrukarrådet.

Dei tre merka med høgst tvistegrad har også hatt ein vekst i bilbestanden. Det kan i følge Forbrukertilsynet vere eit teikn på barnesjukdomar på nye modellar.

Ikkje alle har utfordringar

Teslaeigar Karita Nes har ikkje denne oppfatninga.

– Me har ein 2018 modell X, og har aldri hatt noko problem med den, seier Nes.

Dei er superfornøgd med bilen, og ho seier at dei truleg vil skifte til ny Tesla med tida.

Endringar i forbrukarlovgivninga

Frå januar 2024 var det endringar i forbrukarlovgivninga, som Iversen meiner vil gjere det lettare å vere forbrukar i bilmarkedet.

Den omvendte bevisbyrda vart utvida frå seks månader til to år. Det vil sei at om ein mangel eller feil viser seg innan to år etter salget, antas det å vera selgjaren sitt ansvar, sett at selgjaren ikkje kan bevisa noko anna.

– Vi håpar endringa i lovverket vil gjere det tryggare å kjøpe bruktbil framover, seier Iversen.

Nokre positive funn

I den andre enden av lista finn me Toyota, med svært låg tvistegrad, til tross for mange bilar på vegen. Toyota har også ein høg snittalder på 12 år.

I tillegg viser tala at dei aller fleste bilmerke har opplevd eit fall i tal på tvistesaker.

 

 

 

Emneord: 
Tags: