Torturert for å kritisere regjeringa

Jahangir Akash vart fengsla og torturert i Bangladesh fordi han var journalist. I 2011 flykta han til Noreg.
Tirsdag, 15 mai, 2012 - 14:09

Akash (38) arbeidde som undersøkjande journalist i Bangladesh, både for radio, avis og tv. Den 22. oktober 2009, midt på natta, vart Akash arrestert av Rapid Action Batallion (RAB). Han vart lagt i handjern framfor kona si og sonen, som berre var to månader gamal.

- Dei tok meg med til ein torturleir, der dei hang meg i taket etter hendene. Dei slo med med bambusrøyr, sparka meg, og gav meg elektrisk sjokk. Eg var bevisslaus fleire gonger, fortel Akash.

Etter torturen, som vara i 15 timar, vart han sendt i fengsel. Han var i så dårleg stand at han ikkje klara å gå, og vart sendt til fengselssjukehuset.

Kritisk journalistikk

Jahangir Akash er ein av journalistane i Bangladesh som torde å drive undersøkjande journalistikk. Han skreiv fleire gravande artiklar om minoritetsundertrykkjing, korrupsjon og pressefridom. Mellom anna kritiserte han RAB for å henrette menneske utan dom. Desse artiklane vart publiserte i Sangbad og på CSB News. RAB er ei politistyrke i Bangladesh som vart oppretta i 2004, og omtaler seg sjølv som ei anti-terrorgruppe.

Han meiner desse artiklane er årsakene til at han vart torturert og fengsla.

- Myndigheitene likar ikkje kritikk, fortel Akash.

Flykta til Noreg

Akash sat i fengsel i 28 dagar. Nasjonalt og internasjonalt press gjorde at han vart sett fri. Etter at han vart sleppt ut, rømde Akash og familien til Tyskland. Deretter gjekk ferda vidare til Austerrike, før han hamna i Noreg. Han kom i kontakt med ordninga fribyforfatter i Stavanger.

- Søknaden til Akash har gått gjennom fleire ledd, og me kan stadfeste at historia hans stemmer, seier fribykoordinator, Marianne Hovdan.

Ikkje pressefridom

Når Akash får høyre at fleire journalistar frå heimlandet hans seier at Bangladesh har full pressefridom, byrjer han å le.

- Nei, nei! Hundre prosent nei. Kvifor vart eg torturet og fengsla? Det er fordi Bangladesh ikkje har pressefridom, seier Akash.

Han meiner også at politikken har mykje å seie for korleis journalistane driv arbeidet sitt.

- Heile samfunnet er delt inn i to politiske parti. Og dei journalistane som strevar etter å vere uavhengige og kritiske, blir truga, seier Akash.

Kan ikkje vende tilbake

Akash meiner han aldri kan vende tilbake til Bangladesh, i frykt for at noko skal skje med han.

- I verste fall kan eg bli drepen, seier Akash.

Akash arbeider no som fribyforfattar, i tillegg til friviljug arbeid ved Amnesty International og Røde Kors.

- Eg kjenner meg trygg no som eg bur her. Ingen kan ta meg no, seier Akash.