Børge A. Roum har ein litt annleis vane når det kjem til helgehandelen. Foto: Marie Blindheim

Dei ukjende skattekistene

Gull eller søppelmat? Ikkje alle ønskjer å ta vekeshandelen på Kiwi.

Har du tenkt over kvifor maten du kjøper ser perfekt ut og har lang haldbarheit? Alle varer som produserast, hamnar nemleg ikkje i butikkane.

Inne i det store butikklokalet på Haugenstua, 14 minutt med tog frå Oslo sentrum, kjem alt frå fedrar med borna sine, ungdomsgjengar og eldre kvinner aleine.

Skal tru kva motivasjonen til kundane er? Billeg middag? Nokon som er på jakt etter ein skatt som ikkje lenger er å finne i vanlege butikkar? Kanskje nokon er miljøaktivistar, og nektar å handle i ein vanleg daglegvarebutikk?

Det første ein legg merke til her inne, er rad på rad med reolar, stappa fulle av kaffi, mais, nøtter og kakepynt. Det spesielle med disse varene er at andre butikkar ikkje vil ha dei. Dermed tek Holdbart imot dei.


Det er stor variasjon i utvalget av varer i butikken. Foto: Marie Blindheim

Godt med DNT-hyttemat

–  Ringenes Herre til nesten ingenting. Men vi har ikkje alle da. Manglar første og andre boka, seier butikkmedarbeidar Tore Rud-Johansen.

Tore har på seg ei grøn t-skjorte med kvit Holdbart-logo på, slik som resten av dei som jobbar der. Saman med resten av medarbeidarane tek dei imot alt frå matvarer og vaskemiddel til bøker og toalettpapir.

Det er ulike grunnar til at butikkane ikkje vil ha disse varene. Det kan vere fordi dei har kort haldbarheitsdato, ikkje lenger er i sal hos dei store kjedene, har endringar eller feil i emballasjen, er sesongvarar eller har blitt produsert for mykje av. Ringenes Herre har altså ikkje gått ut på dato.

Fryse- og kjøleskapa lagar ei konstant susing, som ein etter kvart blir vand med. Praten til kundane går i eitt med skrangling av hjula på handlevogner som møter eit ujamt golv. Den lett identifiserbare lyden av butikk-pip frå kassa, kjem som små, uregelmessige støyt frå andre sida av rommet.

–  Har du smakt maten på ei DNT-hytte med utgått hermetikk? Den er kanskje til og med betre enn hermetikk som ikkje er utgått, seier butikkmedarbeidaren Tore med eit smil.


Butikkmedarbeidaren syns utgått mat kan vere vel så god som mat med lang haldbarheit. Foto: Marie Blindheim

Han meiner at mat som tørka kikertar og hermetisk ananas, ikkje eigentleg blir dårleg, og at butikkane ikkje hadde trengt å kaste han.

Fremtiden i våre hender, som er ein miljø- og solidaritetsorganisasjon som blant anna arbeider for eit meir forsvarleg og miljøvennleg forbruk, seier at kvar femte handlepose går rett i søpla. Men mykje av maten som kastast, rekk ein ikkje eingong å kjøpe i butikken.

Noko blir kasta av butikkane sjølve, og anna blir kasta før det kjem til butikken. Holdbart kjøper varer som Rema og Kiwi ikkje ønsker frå grossistar og leverandørar.

– Vi fekk inn Maarud potetgull no, som har forskyvd trykk på emballasjen. Den har godt innhald, men pakken var ikkje god nok for butikk, seier Tore.


At emballasjen blei feil, gjorde at butikkane ikkje ville ha dei. Foto: Marie Blindheim

Mat til éi krone

–  Men kva gjer dokker med maten som ikkje blir selt her?

–  Alt blir selt. Vi sel det til éi krone, fortel Tore.

Folk vil ha det om det er billeg nok. 

Eit par auge leitar rundt i ein av butikken sine mange frysarar, som denne gong er fylt opp av isboksar. Eigaren av auga er Y-Nhu, som ikkje heilt har bestemt seg for kva smak ho vil ha.

– Eg starta i 40%-diskane i daglegvarebutikkar. Der var det mykje mat som eigentleg var veldig god, fortel ho.

Der var det ofte ein middag ho kunne kjøpe litt rimelegare, og det gjorde henne ingenting at det snart gjekk ut på dato. Då ho oppdaga butikken med dei rare emballasjane og dei utgåtte varene, var det naturleg å sjekke han ut.


Kunden Y-Nhu syns det går bra å handle mat som har gått ut på dato. Foto: Marie Blindheim

Skattejakt i hyllene

Plutseleg kjem det ein gutegjeng på fem inn i butikken. Ikkje lydlaust. Dei er i den alderen der alle skal prate samtidig, om det er ein alder.

–  Femti kroner for den her, bryt dei eine guten ut.

Han held opp ein svær pose med godteri i alle ulike fargar. Resten av gjengen ser bort på guten med godteposen i hendene. Reaksjonen dei gir han, får han til å legge posen tilbake.

Med nysgjerrige hender går dei rundt i butikken. Det er ikkje nok å sjå på alt dei går forbi.

– Wow, berre tjue kroner, seier ein av gutane.

Denne vara gjer at alle trykker seg mot fryseskapet guten har opna døra til. Ei isboks av havremjølk med vaniljesmak, ein av dei populære veganske isane, lyftast ut av skapet. Den blir setten inn igjen etter litt tenkjetid. Kanskje er det vanskeleg å bestemme seg?

–  Mange er her for å gå på skattejakt, seier Tore.

Det som er i hyllene éin gong ein er innom, er ikkje det same som er i hyllene neste gong. Sortimentet i Holdbart-butikken varierer ut ifrå kva det blir produsert for mykje av, og kva varer som ikkje lenger er i sesong.

– For eksempel bruker dei å produsere opp meir toalettpapir enn dei sel til butikkane, fordi det er billegare. Dermed går restane hit, seier han.

Handletur i søppeldunkane

Sjølv om mange ønskjer å handle billeg på ein slik stad, og samtidig vere miljøbevisst, er det ikkje alle som ønskjer å betale for maten i det heile teke.

Etter daglegvarebutikkane si stengetid er det på tide for Børge A. Roum å drage på handletur. 

Den kalde, friske haustlufta er viktig å nyte medan ein har tilgang til den. Det er ikkje like friskt dit han har tenkt seg. Etter å ha forsikra seg om at ingen følgjer med, snur Børge seg, og går med bestemte steg mot søppelrommet. 


Det er mykje mat å finne i butikkane sine søppeldunkar. Foto: Marie Blindheim

– Eg handlar ikkje på butikken, seier han, medan han nesten lydlaust beveger seg inn i søppelrommet.


Ei skade på pakkinga kan vere grunn nok til at butikken kastar vara. Foto: Marie Blindheim

Her inne luktar det som tenkt. Intenst søppel. Børge reagerer ikkje på det.

Det er eit sterkt lys inne i søppelrommet, og det står mange søppeldunkar, liknande dei ein har utanfor vanlege heimar.

Børge har med seg ein Ikea-pose med mange mindre bereposar i. Han dreg på seg eit par svarte hanskar like raskt som temperaturen er låg.

Utan å bry seg stort om matrestane som er velta om i dunken, og har festa seg til mykje av det andre som ligg der, tek han ut vare etter vare. Mjølk. Appelsinjus. Lasagneplater. Eit vakuumpakka lammelår.

– Dette er typisk, seier Børge, medan han opnar ein sekspakning med egg. 

Eitt av egga er knust, og derfor er pakken kasta. Han tek ut dei fem egga som er fine, og legg dei saman med andre varer han har teke ut. Det resterande egget lar han vere i pakken, og legg den tilbake i søpla.


Når eitt av egga er knuste, blir ofte heile pakken kasta. Foto: Marie Blindheim

Matmangelparadoks

–  Kva er det raraste du har funne her?

– Så mange pakkar med sjokolade begynner å nærme seg det raraste, seier Børge og smilar.

Han har no løfta ut den fjerde boksa med Nidar sin Hobby i smågodtform, fylt med gelé og skum. Ein boks får halde for denne gong. Ikea-posen har allereie begynt å fyllast opp.

38-åringen starta søppeldykkinga si i tjueåra. Han skulle kaste søppel i ein dunk, då han såg noko fin mat som hadde blitt kasta ut. Sidan det har han gjort det meir og meir.


Mykje av maten butikkane kastar, smakar heilt fint. Foto: Marie Blindheim

– Det er så mykje mat som blir kasta, medan mange, også i Noreg, slit med å ha nok mat, seier Børge.

Han fortel at han har vekse opp med samfunnsbevisste foreldre, som frå ein tidleg alder har vist han at ikkje alle har det like godt som mange har det her i Noreg. No er han aktiv i Miljøpartiet De Grønne.

– Av arealet i verda det er mogleg å bu på, går halvparten til landbruk. Og veldig mykje av det går til kjøttproduksjon. Og så hamnar så mykje i søppelet. Det er dumt at det er slik, seier Børge.

Når posen er full, og dei fleste varer er vurdert, går han ut av søppelrommet. Den friske lufta veltar over ein. Etterlengta.

Sjølv om posen er full, er det éin ting til som skal bli med heim.

Om ein går eit lite stykke, kjem ein til nokre blå skap utanfor ein daglegvarebutikk. Dette er ein stad Børge brukar å finne brød. I dag ligg det tre brød i det eine skapet. Dette er brød som ikkje har blitt selt denne dagen, og dermed levert tilbake dit dei butikktilsette hentar brøda om morgonen.

Børge tek med seg posen med mat, og seier seg fornøgd med dagens handletur.


Børge veit akkurat kvar han kan finne brød til frukosten. Foto: Marie Blindheim