

Eit håp om meir nysgjerrigheit og mindre dømming
Stoveveggane er ljoseblå som himmelen ein solfylt midtsommardag. Men verandadøra slepper inn kjøleg luft, og minner om at hausten snart står for tur. Ei jamn susing siv ut i rommet frå vifta som spreier den friske lufta mot ein stor, gråmellert sofa.
Den har plass til sambuaren Dan Peter, hunden Vanilla, kattane Selma og Pepsi, og reborndokkene Adrian, Cecilie og Samuel. Og det er plass til besøk av vener og familie. Alt det viktigaste i livet til Mia. Mia har det godt i dag takka vera alt sofaen rommar, men det har ikkje alltid vore slik.

For tynn
– Eg var ei livleg, fantasifull jente som barn. Eg var svært tynn og for dette vart eg mykje mobba, seier Mia med tydeleg Larvik-dialekt.
Før snakka ho bergensar, men som sjuåring flytta ho og familien frå Bergen og til Larvik, der Mia starta i fyrsteklasse. Ho la fort om til nåverande talemål, men fekk òg erfare andre endringar.
– På skulen blei eg spytta på og slått, i tillegg til verbal mobbing som overbeviste meg om at eg ikkje var verdt noko, fortel Mia og tek opp ei dukke som sit ved sidan av ho i sofaen, og set ho på fanget sitt

Lite vart gjort for å stoppe mobbinga. Mia følte i staden at ho fekk skulda og vart veldig inneslutta. Ho gjekk inn i seg sjølv for å beskytte seg frå omverda. Mobbinga på skulen vara heile skulegangen. Mia tenkte at ho var stygg og fæl etter å ha blitt fortald det år etter år.
Mia stryk over håret til Adrian, den svært så realistiske dokka ho sit med i armkroken. Armen som ligg slynga rundt barnekroppen er pryda av fargesprakande sommarfuglar. Tatoveringane symboliserer fridom. Men heilt fri for destruktive tankar er ho ikkje den dag i dag.
– Eg slit med fæle tankar om meg sjølv, men føler meg meir vel med kroppen min etter at eg fekk former, smiler ho.
Armageddon
Barndommen til Mia var òg prega av at foreldra var Jehovas vitner. Det var mykje snakk om Armageddon og verdas undergang. Fyrste gongen ho lærte om dette var ho åtte år. Denne opplevinga er hennar fyrste minne av angst.
– Når eg røykte for fyrste gong, blei eg veldig redd. Eg hadde fått spørsmålet vil du røyke og døy i Armageddon eller vil du leve?

Angsten hennar er fortsatt knytt til desse spørsmåla. Om det kjem eit fly eller er torevêr, kan tankane raskt bevege seg mot verdas undergang.
– Eg skal ikkje seie at religion er øydeleggjande, men eg personleg vart øydelagd.
Adrian kviler inntil den kvite blusen som sit laust på kroppen til Mia. Stødig støttar ho han opp. Ikkje teikn til å vere øydelagd nå, men med ei mine prega av alvor.
– Men eg bebreider ingen for at religionen har påverka meg på den måten, påpeikar ho.
Eksklusjon av familiemedlemar som står utanfor Jehovas vitner er vanleg praksis, men sidan Mia aldri vart døypt har ho fortsatt god kontakt med foreldra, som framleis er medlemmar av trussamfunnet.
Tvangsinnlagd
I løpet av skulegangen vart Mia meir og meir fjern frå omverda. Som 18-åring vart ho tvangsinnlagd for utreiing og behandling i psykiatrien der ho vart diagnostisert med schizofreni. Frå Mia var 18 til ho vart 28 var ho innlagd i psykiatrien og sleit med psykosar. Her skulle ho få hjelp, men mot sin vilje da ho ikkje forsto at ho var sjuk .

– Dei gjorde jo ikkje noko for å vere slemme, men det trudde eg da, seier Mia og ristar svakt på hovudet.
Det å vere i psykose var for Mia som ein draum. Ho vart tung og kom i ein trykkjande tilstand med tåkete syn. I tillegg vart augene stirrande. Mia fortel at ho var vaken, men i ei boble. Ho såg og høyrde romvesen som om dei faktisk var ute etter å ta ho.
Alt snudde takka vere Dan Peter
Dan Peter har òg diagnosen paranoid schizofreni og da han var innlagd i psykiatrien møtte han Mia. Ho var 18 år, han 20.
Mia set Adrian ned ved sidan av seg og stryk han varsamt over beinet. Bleik hud marmorert av tynne, blålilla blodårer skaper inntrykk av eit levande barn. Men inntrykket blir fort borte ved berøring av den kalde, harde vinylhuda.
Det var noko med Dan Peter Mia umiddelbart likte svært godt, men dei vart ikkje saman før fleire år seinare. Etter at kontakta hadde vore broten nokre år, ringde Dan Peter til Mia.
– Eg hadde ikkje gløymt han og hadde alltid tenkt at om eg ikkje får han, så vil eg ikkje ha nokon. Ikkje lenge etter samtalen vart vi eit par.

Dan Peter er roleg og attendehalden i motsetnad til Mia som er svært livleg og pratsam.
Sjølv om forskjellane mellom dei er tydelege, er det ingen tvil om at dei er gode for kvarandre. Mia meiner ho kan takke Dan Peter for at ho er der ho er i dag.
– Eg var veldig sint på dei som jobba i psykiatrien. Eg trudde dei heldt meg der på pur f.
På denne tida levde Mia i si eiga verd og ville ikkje samarbeide med dei som skulle hjelpe ho å bli frisk. Ho var i staden mykje sint på dei. Men da Mia vart saman med Dan Peter, ville ho gjere alt for å kome ut av psykiatrien. Ho byrja å samarbeide, tok medisin og deltok i samtalar. Dette førte til at ho vart så frisk at ho kunne skrivast ut.
– Han skal ha æra for det, seier Mia og sender Dan Peter eit varmt smil.
Òg den negative påverknaden Jehovas vitner hadde på Mia, var det Dan Peter som gjorde ho merksam på og fekk ho til å avslutte aktiviteten i trussamfunnet.
Livet etter lukka psykiatrisk avdeling
Med det byrja ting å gå betre for Mia. Etter at ho vart utskriven frå psykiatrien budde ho i ein bemanna bustad. Sidan ho aldri hadde budd åleine, måtte ho lære alt på nytt.
– Eg måtte lære at verda ikkje kun dreia seg om pasientar og personale. Om eg var i butikken forstod eg situasjonen som at dei tilsette i butikken var personale og eg var pasient. Eg var øydelagd etter å ha vore innlagd så lenge.

Etter kvart vart Mia meir og meir sjølvstendig og kunne til slutt bu for seg sjølv, før ho flytta inn i leilegheita til Dan Peter ved Bøkeskogen i 2018.
Men i alt det gode i forholdet til Mia og Dan Peter var det ei tøff avgjersle dei måtte ta saman. Schizofreni er ein arveleg sjukdom og dersom dei skulle fått barn saman, hadde det vore 40 prosent sjanse for at barnet òg hadde fått diagnosen. Difor tok paret eit bevisst val om å ikkje få barn.
Mia børstar håret til reborndokka Samuel som skal førestille ein gut på eitt år. Det blonde håret legg seg fint over hovudet.
Nokre gonger dukkar ynskje om eigne barn fortsatt opp hjå Mia, men det er inga sorg knytt til det lengre.
– Men vi har eit stort behov for å gje omsorg, som vi heldigvis får dekt i dag.
Dokkene si kraft
I tillegg til hunden Vanilla har dei fleire reborndokker som dei får bruke omsorgen sin på. Mia har aldri vore noko dokkemenneske, men i 2016 endra dette seg.
Mia vart introdusert for reborndokker gjennom ei veninne. I starten tykte ho dei var teite, og til og med litt ekle. Likevel plukka ho opp ei dokke. Instinktivt byrja ho å vogge på dukka.
– Den la seg inntil meg på ein spesiell måte og eg kjente med ein gong på ein særeigen ro i kroppen.

Mia ser på bruken av reborndokkene som terapi. Ho tek ikkje sovetablettar lenger, for når ho ligg med dei i senga, sovnar ho med ein gong. Dersom ho skal på kjøpesenteret er ho avhengig av å ha med seg reborn, om ikkje blir ho veldig stressa og ufokusert. Reborndokkene er som sove- og angstmedisin for Mia.
– Og eg er glad i dei.
Ho skal til å leggje reborndokka Adrian i vogna i det ho oppdagar at det er eit rosa teppe som ligg der.
– Du er jo gut. Du må jo ha blått teppe, seier Mia og hentar eit marineblått teppe inne på det som skal bli barnerom. Saman med anna babyutstyr som står spreidd rundt omkring på golvet, står ei kvit sprinkelseng klar til å bli skrudd saman.
Trass omsorgen for dokkene byter ho dei ut med jamne mellomrom.
– For meg er ikkje dette ekte barn. Det er veldig viktig å vite at det ikkje har klikka for meg. Eg veit jo at det er dokker, så difor blir det naturleg å byte dei ut i ny og ned.
Eksponering gav sjølvtillit
I starten var Mia kjemperedd for kva folk ville si og tenkje om at ho hadde reborn. Men etter eit reborntreff i Oslo vart ho spurt om ho kunne stille opp i ein dokumentar i Aftenposten. Da snudde alt.
– Eg var så redd da filmen skulle offentleggjerast. Men etterpå var redselen for å ta med reborndokkene ut og bruke dei offentleg, borte.

For Mia er det svært viktig å stå fram offentleg som eigar og brukar av reborn fordi det er så tabubelagt. Ho vil vise at det ikkje er farleg eller rart å eige reborn, men at alle som gjer det kan ha hovudet heva.
Trass i at det å ha reborn til dels er stigmatisert, har dei eit trygt miljø seg imellom. Mia er med på reborntreff omtrent ein gong i månaden
Så mange gleder i livet
Mia trillar vogna med Adrian nedover gata. Sola skin på ei rak haldning som vitnar om at Mia står stødig i livet i dag, mykje på grunn av Dan Peter og reborndokkene. Men òg hennar eiga evne til å sjå det positive i livet.
– Eg har så veldig mykje som gjer meg glad, det skal så lite til for å gle meg. Sambuaren, familien, dyra, reborndokkene og syinga gjer meg aller mest glad, ramsar Mia opp.

– Og eg elskar høgtider, spesielt jul, seier Mia mens eit smil breier seg om munnen hennar.
Sjølv trur ho at dette kjem av at ho ikkje fekk oppleve det som barn. Jehovas vitner feirar ikkje høgtider eller bursdagar, da feiringane blir sett som å trekkje merksemda bort frå Gud og Jesus.
Sjølv om oppveksten heldt ho borte frå noko av det som er Mias store gleder i dag, er familien av stor betydning i kvardagen hennar – spesielt står ho mora nær. Er det noko som plagar Mia, ringjer ho mor si. Og omvendt. I tillegg tykkjer mora at det er positivt at Mia har reborndokkene, noko Mia prisar høgt.
– Under koronaen var mamma med meg for å handle klede til reborndokkene, på ein bruktbutikk. Da kom vi over ei symaskin.

Mia vart biten av sybasillen og byrja å prøve seg fram med hjelp frå mor si. Det var fyrst og fremst kle til eigne reborndokker som stod i fokus når Mia byrja å sy. I dag produserer ho mykje barneklede på bestilling og har alt slags utstyr og eige syrom til formålet.
– Når eg syr, gløymer eg alt rundt meg. Det å skape noko er så fint. Det er som terapi.
Ynskje om nysgjerrigheit
Med bakgrunn i livshistoria si ønskjer Mia å skape forståing for det ukjende.
– I staden for å dømme andre kan ein heller vise nysgjerrigheit og vere villig til å lære om ting som er annleis, reflekterer Mia, mens ho trillar barnevogna. Bøkeskogen slyngar seg trygt rundt Mia. Solstrålane skyt gjennom trea og treffer ho og vogna som ljos frå ei discokule. Ingen andre lydar kan høyrast enn lyden frå hjula på barnevogna som trillar på grusen og ein og annan fugl som kvitrar før han skal vende nebbet sørover for vinteren. Dette er Mias trygge plass. Hit tek ho med seg hund og reborn på fredfulle spaserturar.
– Vi er ikkje sjuke fordi vi har reborn. Om eg har godt av å ha med meg ei dokke på trilletur, skadar det ingen.

Mia undrar kvifor det er greit at 45 år gamle menn kan ha radiostyrt bil og byggje lego, mens damer som har reborn er rart. At det må vere ein underliggjande grunn for at det skal aksepterast.
– Eg vil ikkje bli forbunden med å vere schizofren. Nå har eg ikkje symptom på sjukdomen og lever eit normalt liv. Det at eg har reborn handlar i liten grad om diagnosen min eller at eg er unormal. Kva er eigentleg å vere normal? spør Mia og trillar vidare innover Bøkeskogen.