Utan renovatørane sin arbeidsinnsats hadde samfunnet raskt møtt store utfordringar. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken.

Frå kriminelle nattmenn til stolte renovatørar

For 200 år sidan blei avfallshentarane skydde. Men sidan den gong har både innhaldet i og synet på det samfunnskritiske renovatøryrket endra seg betrakteleg.

Klokka er litt over 06.00 ein torsdag morgon. Det er minimalt med trafikk på E6 på tur sørover i Oslo mot Bjørndal. Dagens rute er ei av Oslos mest omfattande kva gjeld mengde avfall, men for renovatørane Stig Kverneng og Morten Bråthen Øyen er dette berre ein vanleg dag på jobb.

Kvar dag står dei opp klokka fire – Kverneng pendlar frå Kløfta, Øyen frå Moss. Mens Kverneng er glad i å stå opp tidleg, er Øyen eigentleg nattmenneske.

– Men jobben byrjar så tidleg at det går fint, for da får eg litt av natta òg.

Det er fortsatt skumring. Trea langs vegen står som grå silhuettar idet komprimatorbilen susar forbi. Øyen hoppar ut frå passasjersida på fyrste stopp av ruta. Hetta hans er trekt godt over hovudet og frostrøyken står ut av munnen hans idet han kjem inn i bilen att.


Renovatørane held eit høgt tempo. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Kverneng er sjåfør, mens Øyen er ute og tømer avfallsbehaldarane. I områda med mange behaldarar er dei ute og tømer saman. 

Bilen byksar vidare i retning neste behaldar full av hushaldningsavfall, mens Katy Perry med Roar dundrar ut av radioen, men blir overdøyva av duringa frå den ni meter lange og over 20 tonn tunge bilen. I dag er arbeidskvardagen til renovatørane prega av HMS, høgteknologiske løysingar og koselege møter med kundar. På 1800-talet var situasjonen heilt annleis.

Nattmenn

Det var kriminelle, ofte drapsmenn, som blei tildelt jobben som nattmenn på 1700- og 1800-talet, fortel historikar Ragnhild Hutchison i Ekko. Det er nattmenn som er spira til renovatøryrket. Dei jobba med innsamling av avfall på natta – avfall i form av menneskeavføring og dyrekadaver.

Innbyggjarane skydde nattmennene da dei var oppfatta som skumle, skriv Thomas Hylland Eriksen i boka Søppel: Avfall i en verden av bivirkninger. På folkemunne blei dei kalla rakkarar – både dei og familien vart sett som urein og langt nede på samfunnets rangstige.


Påminnar på ryggen. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Som renovatørar i Noreg i dag handterer ein avfall dei seinaste nattetimane av heilt andre grunnar enn å gøyme seg bort som utstøytte samfunnsborgarar.

Morgonmenn

Kverneng stoppar komprimatorbilen og denne gongen er det han som hoppar raskt ut bildøra. Like raskt er han inne att bak rattet med eit tungt pust.

– Den var tom, den.

– Var han tom igjen? Bur det ingen der, eller? svarer Øyen.

– Eg trur dei må ha flytta, eg, seier Kverneng og køyrer vidare på det som eigentleg er gang- og sykkelveg, men som desse tidlege morgontimane trygt fungerer som ferdselsveg for komprimatorbilen. Utanfor bildørene står verda stille.

– Om du ikkje ser at vi gjer jobben vår, så gjer vi noko rett

Morten Bråthen Øyen

Renovatørane er glade for at dei jobbar timane før sola står opp og byen har vakna til live.

– Det er gull verdt å ta den fyrste behaldaren og kome i gang så tidleg som mogleg, for når byen byrjar å bevege seg, blir jobben mykje vanskelegare, fortel Øyen.


Sovande nabolag vaknar snart til søppelfrie behaldarar. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Om vinteren er det grunna dårleg føre, på sommaren er det uteservering og store folkemengder som tek mykje av plassen renovatørane treng for å jobbe.

– I tillegg handlar det om ansvar og sikkerheit, legg Kverneng til.

Bilen er stor å manøvrere – barn, syklistar og andre som ferdast rundt omkring kan lett hamne i dødvinkelen. Sjåførane av dagens komprimatorbilar har eit anna ansvar enn det nattmennene hadde med dei handdregne kjerrene sine.

Avfallskonkurranse

Hutchison kan fortelje at i nattmennene si tid var renovasjonstenesta underlagd magistratet – dei var offentlege tenestemenn. Heilt fram til slutten av 1900-talet var renovasjonstenesta underlagd offentlege instansar, men da endra politiske dragkampar situasjonen.


Klemetsrud utsorteringsanlegg. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

 – Før var vi éin stor etat med ansvar for alt som hadde med renovasjon å gjere. På 90-talet byrja den politiske leiinga å ynskje at delar av avfallsinnsamlinga skulle konkurranseutsetjast blant private aktørar, fortel Paal Eilertsen, seksjonsleiar for hushaldningsavfall i Oslo. 


Paal Eilertsen. Foto: Privat

På nittitalet blei innsamlinga i Oslo i aukande grad konkurranseutsett. Da var det private selskap som vann anboda og til slutt var all avfallsinnsamling i Oslo privatisert.

– Alle renovatørane forsvann da inn i private firma. Det var nok starten på at renovasjonstenesta byrja å smuldre opp, fortel Eilertsen.

Heltane i neongul drakt

– I dag klarar vi å svinge unna fartshumpen. Den er heilt kokkelimonke, ler Kverneng, mens han snirklar seg forbi ein brå asfalthump på veg inn mot eit lite bustadfelt.

Sjølv om det er lite, er det nok å gjere for renovatørane. I rekkjer av skap står det behaldarar fulle av avfall som kvar hushaldning i snitt kastar 420 kilo av i året. Som ein innøvd dans sender renovatørane behaldarane mellom seg. Øyen tek dei ut av skapa og Kvernerng hektar dei på heisen på bilen som løftar og tømer dei. Som ein kjeve av stål glefser bilen i seg avfallet. Ein eim av søtleg, sur søppel kjem i bølger, mens bilen og renovatørane jobbar. 


Renovasjonsdans. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

– Vi har vorte kalla The dream team, fortel Kverneng.

– Når eg jobbar med Stig treng eg ikkje tenkje. Det er som å sette på ein autopilot, seier Øyen mens han kikkar oppi ein avfallsbehaldar, før han grip tak i han med eit bestemt grep og trillar han bort til bilen som blinkar i eit rytmisk mønster. 

Søppeltømmarar er bokstaveleg talt livsnødvendige i urbane samfunn. Når søppeltømminga opphøyrer blir samfunnet omdanna til eit sjukdomsinfisert, rotteinnvadert, stinkande inferno på nokre dagar, skriv Hylland Eriksen.

– Vi merka eit slik scenario da Veireno hadde regien over renovasjonen i Oslo i 2016 etter å ha vunne anbodet, fortel Eilertsen.

Veireno endte opp med å gå konkurs etter fem månader. I februar i 2017 valte Oslo kommune å ta regi over all avfallsinnsamling


Renovatørane hentar avfall, ikkje søppel. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Veirenos vanskar med å forvalte ansvaret sitt gjekk seg ikkje berre utover miljø og bybilete. Òg renovatørane fekk køyrt seg.

– Da eg jobba i Veireno, hadde eg 335 overtidstimar på fem månader, fortel Øyen.

– Morten passa på meg da eg blei utkøyrd i denne perioden. Han ga meg rett og slett beskjed om å halde meg heime, seier Kverneng.

– Da såg du nesten at det gjekk stjerner rundt hovudet på han, ler Øyen med alvor i blikket.

Ifølgje Kverneng og Øyen er forhalda annleis no. Likevel er jobben utfordrande på fleire vis.

Hardt fysisk og mentalt

– Her trur eg det var murstein oppi, seier Øyen og dreg med seg avfallsbehaldaren for å tømme han.

Det tek på både fysisk og psykisk å jobbe i denne bransjen. Fysisk slitasje kjem av alle behaldarane som skal handterast. 

– Den eine i går vog 223 kilo, fortel Øyen med store auger og hektar behaldaren på heisen. Ei djup brumming set i gang på toppen av motorduringa frå bilen og innhaldet i behaldaren blir løfta opp og tømt.


Tunge bahaldarar krev fysisk makt. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

På vinteren tek det ekstra på for da må ein stabilisere behaldarane mykje meir på det glatte underlaget.

– Ein treng ikkje å dra på treningssenter etter jobb. 

Morten Bråthen Øyen

Ein blir veldig sliten mentalt òg, fordi ein alltid må konsentrere seg om omgjevnadane og sjå seg godt for, fortel Kverneng, men legg til han vil sitje bak rattet på renovasjonsbilen til han er pensjonist.

Kverneng plystrar ein ugjenkjenneleg melodi, som bryt med den rolege songen Öppna min dörr. Øyen opnar bildøra og hoppar ut. 

– Dette er den trongaste plassen på heile ruta, fortel Øyen.

Avvik

Komprimatorbilen skal rygge inn ein sving i ei trong gate i eit bustadfelt. Pip, pip, pip. Alarmerande ular bilen mellom husveggane. Øyen dirigerer, mens Kverneng konsentrert følgjer med bak rattet og manøvrerer bilen varsamt. Nærast på millimeteren smett han forbi grunnmuren som står planta til jorda som eit stort hinder. 


Den trongaste plassen på heile ruta. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Øyen pustar ut og legg i veg for å tøme behaldarane som står ved kvart eit hushjørne i byggjefeltet. Han møter ein mann som er ute og går morgontur med hunden sin, slår av ein prat, helsar på hunden og tittar oppi ein avfallsbehaldar som han dreg med seg med bestemte skritt mot bilen. 

Denne dagen står alle behaldarane klare for å inspiserast og tømast, men det er ikkje alltid slik. 

– Vi har driftsutfordringar kvar einaste veke som kjem grunna ting kundane gjer, fortel Eilertsen.

Difor har dei eit avvikssystem der kunden kontakta og fortalt at renovatørane vart hindra frå å hente avfall av ein bestemt årsak. Særleg på vinteren kan renovatørane slite ved at privatpersonar ikkje legg til rette for renovatørane, ved å la vær å brøyte og strø. Avvikssystemet skal òg brukast om folk kastar ting som ikkje skal kastast i behaldarane.

– Det er obligatorisk med kjeldesortering i Oslo kommune, seier Øyen med ein sarkastisk tone, for det skulle ein ikkje trudd.


Kverneng og Øyen har jobba saman sidan 2014. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Om dei skulle skrive avvik på alle behaldarane det er kasta noko feil i, ville det ikkje bli henta noko søppel i Oslo, fortel renovatørane og ler med kvar sin røyk mellom fingrane.

Pausen er over og Øyen tek sneipen til både seg og Kverneng og puttar han inn eit hol i bilen, så dei er sikre på at dei ikkje er hyklarske og etterlet avfall på ferda.

Ord med makt         

Bilen med dei to renovatørane snirklar seg vidare i krikar og krokar av bortgøymde byggefelt som er i ferd med å vakne til liv, samtidig med at sola tittar opp over åskammen. Kverneng har teke av seg hetta og trekt armane på jakka opp til olbogane. Nye behaldarar med innbyggjarane sine verdilause, illeluktande eigedelar blir teke hand om av. Ein dritjobb i mange sine auge, men for dei er det meiningsfylt arbeid.


Morten Bråthen Øyen. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Fleire stader i verda blir det jobba for å fjerne lågkastestigmaet frå renovasjonsbransjen, ifølgje Hylland Eriksen. I Oslo vart det frå 2016 forsøkt å gjere ei bevisst innføring av omgrepet renovatør.

– Det er mykje koselegare å bruke renovatør enn søppelmann, meiner Øyen.

Dei to renovatørane oppfattar det som eit meir nøytralt ord. Når ein bruker ordet søppel tenkjer ein på noko verdilaust – for søppel er jo verdilaust, påpeiker dei.

– Bruk av ordet søppelmann er avleggs og gammaldags

Paal Eilertsen

Innhaldet i bilen skal heller ikkje omtalast som søppel. Det er avfall – ein ressurs, da det kan få nytt liv.


Stig Kverneng. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Eilertsen kan fortelje at etaten forsøker å vise dei tilsette at dei skal vere stolte over å vere renovatørar. At dei gjer ein utruleg viktig jobb.

– Eg føler meg verdsett både i bransjen og blant innbyggjarane, seier Kverneng og legg til at han set pris på alle fine møte med menneske i løpet av ein dag.

The dream team slenger seg smilande inn i bilen. Klokka har bikka 09.00, halvparten av dei 422 avfallsbehaldarane er tømde, halvparten står fortsatt fulle i påvente av renovatørane.