Å dyrka meir enn berre jorda

Urbant jordbruk har fått grobotn i stadig fleire storbyar. Bybøndene dyrkar mellom anna grønsaker, urter og gode relasjonar.

Konseptet er enkelt: Ein nyttar den plassen ein har, til å dyrka mat. Om det er i mjølkekartongar i kjøkkenglaset, eller i pallekarmar på verandaen eller taket, spelar ikkje nokon rolle. Alle kan vera ein urban bonde.  

På Losæter tek dei det eit steg lenger. Den vesle setra starta som eit kunstprosjekt i 2011, men har dei siste 4–5 åra lagt større vekt på jordbruk, og det å verna om gamle mattradisjonar.  

Den grøne oasen ligg på ein liten høgde, midt i byørkenen. Den står sterk kontrast til omgjevnadene i Bjørvika, som elles er prega av moderne, fargelause bygg med reine linjer. Det er ikkje så lett å få auga på Losæter på avstand, men to enorme eksostårn er nyttige landemerke som gjer det lettare å finna fram.

Når ein kjem nærare openberrar det seg eit særeige bygg i tre, glas og betong, i skuggen av dei to veldige eksostårna. Bygget, som er eit offentleg bakehus, er inspirert av ei Colin Archer–redningsskøyte, ei skøyte som revolusjonerte redningsaksjonar til havs då den vart sjøsett i 1893. Men det er heldigvis ingen i havsnaud på Losæter. Redningsskøyta har ein annan funksjon her. Den fungerer som ein møteplass for sosial omgang og formidling av kunnskap om matproduksjon, og ligg i hjarta av den grøne oasen, omgjeve av åkrar, pallekarmar, tre, blomar, busker, vekstar og gras. Eit hav av grønt.


Pallekarmar på Losæter, som brukarar kan leiga til dyrking. I karmane er det alt frå squash og gulerøter til urter og blomar. Foto: Andreas Brattåker Støyva

 

Ein liten landsby

Klokka er litt over fire, og sola skin. Dei fleste er på veg heim etter jobb og skule, men nokre vel å koma til Losæter i staden, for litt dugnad, sosial omgang og eit betre måltid. I staden for å handla middag på Kiwi, kjem dei hit og jobbar litt på setra. Lønninga er middag og den gode samtalen.

Raude nasetippar på både born og vaksne fortel at hausten er her, med den skarpe, kalde lufta si. Stemninga er god, og praten flyt. Born frå ulike familiar finn saman, og legg målretta ut på setra. Dei forsvinn i den høge vegetasjonen.

Innhaustinga til dagens måltid er alt ferdig. Det blei gjort tidlegare på dagen. Ved kjøkeninngangen til bakehuset står det ei grøn plastkasse, fylt til randen med nyplukka poteter. På eit bord like ved, kan ein sjå eple, agurk, squash, grøn og lilla kål, og nokre urter. På ei skjerefjøl ved sida av, ligg eit halvt handverksbrød og badar i ettermiddagssola. Den distinkte lukta av fårikål flyktar frå det vesle kjøkenet, og legg seg som eit teppe over gardsplassen.

Lukta lovar middag. Det er kanskje difor stadig fleire trekkjer seg nærare og nærare bakehuset. Dei fleste vaksne er å finna i hyggjeleg passiar på dei trøytte benkane. Nokre haustar småting frå pallekarmane sine, som reddik, belgvekstar og urter. Ein gjeng unge menneske som snakkar saman på spansk og engelsk, vel å sitja på bakken, i ein stor ring. Det kan verka som dette er ein fast ting dei gjer saman. På onsdagane blir det middag på Losæter. På eit bord nokre meter unna sit to studentar og klagar sin naud over digitale forelesingar, medan dei ventar på dagens hovudmåltid.

Borna derimot, let seg ikkje lokka av middagslukta, heilt endå. Ein liten tropp, beståande av både gutar og jenter i småskulealder, spring rundt mellom nummererte pallekarmar og rankar. Uniforma deira er skitne hender, og store, jordfarga merker på knea. Dei plukkar med seg store blader og andre spanande ting dei kjem over på den frodige setra, og lagar seg fine bukettar. Dei gule blomane frå squash-planta viser seg å vera særs populære innslag i buketten, alle borna vil ha dei gule blomane, men det er ikkje nok til alle.

Ein av gutane som kom tomhendt frå jakta på squash-blomar, får auga på ein einsleg maiskolbe, som ligg på stien. Maiskolben er om lag 25 cm lang, og er pakka inn i skarpe, lysegrøne blader. Den kan nok minna om eit lite sverd, i barnehender. Han plukkar opp sverdet, og buketten er gløymd.


Kvar onsdag har dei dugnad og middag på Losæter, og samlar folk for å dyrka gamal matkultur. Denne trillebåra har fått fri, i dag. Foto: Andreas Brattåker Støyva 

Borna forsvinn bak dei veldige eksostårna, og når dei kjem til syne att nokre minutt seinare, er alle gutane stolte eigarar av maiskolbe-sverd. Intense duellar utspelar seg i potetåkeren. Jentene fann ikkje maiskolbane like interessante, og har halde fast ved bukettane sine.

Det er fint og frodig på Losæter. Forhalda ligg godt til rette for å dyrka jorda. Men urbant jordbruk treng ikkje finna stad under open himmel, på ein konvensjonell åkerlapp. Nokre urbane bønder går underjordisk til verks, og heilt utan dyrkbar jord.  

Tropisk kjellar

I Schweigaards gate 34 ligg Landbrukets Hus. I kjellaren her, spelar ikkje årstid, vêr, og dyrkbar jord nokon rolle. I det som faktisk er det gamle arkivet til Noregs Bondelag, er det varmt, fuktig, og lyst heile året. Den ubestemmelege lukta ein gjerne assosierer med skulebesøk på gartneri og jordbruksskular, fyller gangane, alt i etasjen over. Jo nærare ein kjem kjellaren, jo meir tropisk vert klimaet. Her i arkivet held Tåsen Microgreens til. Dei dyrkar mikrourter for anerkjende restaurantar i hovudstaden. Mikrourter er små skot og blader, som haustast etter berre ei lita veke i kjellaren. Dette er tidlegare enn andre urter, og mikrourtene inneheld difor meir smak og antioksidantar enn større, eldre plantar.

Inga jord

Det er ingen tomme plantejord-sekkar i arkivet. Urtene står ikkje i jord. Dei står i vatn. Dei får tilført oksygen og næring direkte gjennom vatnet, og lyset dei treng kjem frå LED–lampar. Dette blir kalla hydroponisk dyrking. I det tropiske arkivet er kjedelege dokument og nedstøva sakspapir erstatta med levande, fargerike og eksotiske mikrourter frå alle delar av verda. Dei to reolane, som er kring 15 meter lange, er fullt opp med fleire titals ulike urteslag. Ulike fargar, ulikt bladverk og ulike lukter. Det kan minna om slike lappeteppe ein gjerne finn heime i stova hjå bestemor. Den kunstige belysninga fyller den kvite betongkjellaren med eit djupt, lilla ljos, som gjev assosiasjonar til ein nattklubb. Lydsporet i kjellaren er noko meir lavmælt –  monoton dur frå dei store, industrielle viftene som er festa på endane av reolane, og lyden av dropar frå det komplekse vatningsanlegget som treff betonggolvet.


Dei dyrkar for tida kring 40 urteslag, i kjellaren på Landbrukets Hus. Alt på bestilling frå restaurantar. Foto: Andreas Brattåker Støyva 

Shima Shaysteh, som er ansvarleg for drifta, har kledd seg etter vêret. I T–skjorte, haremsbukser og sandalar, fartar ho fram og tilbake mellom reolane, for å sjå kva som er klart for hausting, og kva som skal vatnast. Ho har med seg ei liste. Lista er ei oversikt over kva urter ulike restaurantar har bestilt, og kva urter som er kor på dei frodige reolane. Hunden hennar, ein liten, kremfarga Chihuahua med mykje personlegdom, ligg i ein av kontorstolane i hjørnet ved inngangen og fylgjer med på matmor.

Shima set seg etter kvart ned i den ledige kontorstolen, ved sida av hunden sin.

Ho fortel om aukande interesse for urtene deira. Folk er meir opptekne av kortreist mat no enn dei var tidlegare. Det blir stadig fleire veganarar, og restaurantane vil ha norskproduserte råvarer. Dei kan produsere opp mot 70 ulike urteslag, på bestilling frå kundane. I dag har dei kring 40 slag i arkivet.

– Mange av urtene våre er nok ukjende for folk flest, som ofte berre har eit forhold til kjende urter som dill, koriander og basilikum. Me må utdanna folket når det kjem til urter, for det er så mange spanande smakar å oppdaga.

Shima fortel vidare at dei kontrollerte omgjevnadane gjev god kontroll på avlingane. Det reduserer matsvinn og effektiviserer produksjonen, men høge straumrekningar, det blir det.

Shima spinn 180 grader rundt på kontorstolen, reiser seg opp, går dei fem stega til enden av reolen, og startar vatningsanlegget. Det er ein eksakt vitskap, det dei driv med her.

Tåsen Microgreens leverer kvar dag, på bestilling frå restaurantane. Dei håpar på sikt å få mikrourtene ut i fleire butikkar, til folk flest, men har satt det på vent under pandemien. Enn så lenge går dei inn i høgsesongen for restaurantane, som varar heilt til julebordsesongen.


I såkalla hydroponisk dyrking er plantejord erstatta med vatn, og sollys erstatta av sterke LED-lampar. Foto: Andreas Brattåker Støyva

Tak for maten

Ein treng ikkje reisa langt frå kjellaren med mikrourtene for å finna ei anna form for urbant jordbruk. Faktisk ikkje lenger enn sju etasjar opp, i same bygning. På taket i Landbrukets Hus finn ein «Tak For Maten». Her er det lilla ljoset og den tropiske luftfuktigheita erstatta med frisk vind og naturleg lys. Ein typisk haustdag i Oslo. Mellom pallekarmar, nedfelte åkerlappar, kompostar og hengjande tomatplanter, kjem ei kvinne til syne. Ho plukkar Johannesurt. Urta har gule blomar med fem kronblad, og nyttast faktisk i behandlinga av depresjon.

Dama heiter Idil Akdos. Ho er mentor for arbeidslaget beståande av lokale ungdommar som har vore på jobb i dag. Ungdommane er no nede i kontorlokala, og driv med tørking av urter dei akkurat har hausta.


Demonstrasjonsanlegget på taket av Landbrukets Hus har prøva og feila mykje - med ulike jordtypar og grønsaker. Urter har vist seg å vera ein suksess, forklarar Idil Akdos. Foto: Andreas Brattåker Støyva

Det går mest i urter på taket, for tida. Men dei har også jordbær, tomatar, poteter, solsikker og andre vekstar. Det er mykje prøving og feiling. Urtene har betre haldbarheit enn andre vekstar. Det er perfekt klima for dei på taket, så lenge Idil og gjengen vatnar godt. På enden av takterrassen har dei også fleire bikubar, som produserer honning – eit av dei mest populære produkta deira. Det er noko rart med å sjå bikubar og svirrande bier med Oslo sentrum som bakteppe.

Dei har dei siste åra hatt gode avlingar med både poteter og tomatar, men det er vanskeleg å finna kjøparar, då avlingane er så varierande, forklarar Idil medan dei høge solsikkene dansar i vinden bak ho.  

Tak For Maten er eit demonstrasjonsanlegg for takbasert urbant jordbruk, i samarbeid med mellom anna Bymiljøetaten. Målet med prosjektet er å skaffa kunnskap som kan legga til rette for raskare etablering av fleire grøne tak i Noreg. På dette taket har dei testa ulike lettvekts jordblandingar, og korleis ulike nyttevekstar trivast i klimaet på taket, midt i Oslo. Erfaringane delar dei med Bymiljøetaten.

Å dyrka det sosiale

Men det er ikkje berre forsking dei er opptekne av. Idil forklarar at dei ynskjer å gjera taket til ein stad der folk kan treffast og bli kjent.

– Det som er fint med ein slik takhage, er at det er lett å koma i prat med folk. Det er veldig nøytralt og trygt å seia at noko luktar godt, eller at noko er fint å sjå på. Det gjer det lettare å bryta isen og starta samtalar med nye menneske. Det gjev noko felles å samlast rundt. Taket skal vera ein møteplass.

I tillegg sysselset prosjektet kring 20 ungdommar, som er lokalt tilknytt og blir lærd opp i alle prosessens ledd, frå bygging av bed til såing, dyrking, hausting og foredling. Idil fortel at minoritetsungdommane har blitt flinke gartnarar, og at den lokale tilknytinga er viktig. Det gjev ungdommane eigarskap til prosjektet.


Dei urbane biene produserer mykje honning, og det er bra, for honningen er det mange kundar som er interessert i å kjøpa, etter at Idil og arbeidslaget har foredla den, nede i kontorlokala. Foto: Andreas Brattåker Støyva

– Her i Noreg handlar urbant jordbruk meir om å skapa møteplassar, og konseptet tiltrekk seg for det meste miljøbevisste folk, i hovudsak kvinner. Stadig fleire får augo opp for kor viktig det er å vita kor maten kjem frå, og det er veldig bra.

Det nærmar seg middag

Tilbake på Losæter blir sola stadig lågare, medan lukta av fårikål stadig blir sterkare. Det raslar i bestikk, klirrar i glas og stadig fleire tomme suppeskåler er å sjå på dei svære treborda. Det nærmar seg mat, men borna held koken, ute på setra.

Ei stemme over lydanlegget er det som skal til for å få borna til bords;

– Då er maten klar, så fint om alle kan koma til bakehuset.

Denne meldinga får borna med seg, og leiken stoppar opp nokre sekund. Ein av gutane tek ansvar;

– Hysj! Dei sa at maten er klar! Kom igjen!

Dei tek med seg sverda sine, og spring mot familiane, som alt sit klare ved langborda.

Fleire og fleire av skålene blir fullt til randen med fårikålsuppe, poteter, erter, bønner og flatbrød. Røyk frå den varme suppa fyller lufta, og ropa frå barneleiken og middagslaginga blir erstatta med stillheit. Det einaste ein høyrer er susen frå fly på veg mot Gardermoen, og bilane som sklir forbi på Europavegen, rett over hekken.

Urbant jordbruk

Sjefen på Losæter, bybonden sjølv, Øystein Hvamen Rasmussen, har også fått seg ei skål med suppe.

Han er ikledd eit stort smil, og ein beige caps med påskrifta «Bybonde», der han står utanfor bakehuset, omgjeven av etande bønder i alle aldrar.

– Det sosiale er det viktigaste, vil eg seia. Menneske som samlast rundt mat, og tilber det viktigaste me har, næring. Det sosiale og mellommenneskelege er like viktig som alt anna me gjer her.

Bybonden er ikkje glad i uttrykket urbant jordbruk. Han kallar det berre jordbruk. For kva er det eigentleg som skil det dei held på med her frå eit jordbruk i distriktet? Ingenting.

– Me må slutta med denne «bygd mot by» greia. At det har blitt ei kjempetrend med jordbruk i fleire byar, som her i Oslo, er kjempefint, og fører masse positivt med seg.


Fårikålsuppe med poteter, erter, bønner og flatbrød verka å falla i smak hjå bybøndene. Alt unntatt kjøtet er dyrka fram på Losæter. Foto: Andreas Brattåker Støyva

Heilskapen er viktig

Det er fullt av gode råvarer på Losæter, men den filosofiske bybonden meiner det er viktig å ikkje stoppa der. Han meiner det er viktig å nytta maten ein haustar. Det handlar om matkultur, og er essensen i «Frå frø til fat»–arrangementet som finn stad i dag.

– I dette bruk og kast–samfunnet går kommersialitet og kvantitet over kvalitet. Losæter skal vera ei påminning på kor viktig kvalitet er.

I tillegg til matkvalitet, er klima, miljø og berekraft viktig for folka på den vesle setra, som faktisk er eit regenerativt jordbruk – dei bind altså meir Co2 enn dei produserer.

Som bybonden sjølv påpeikar, er dei fleste i dette alternative miljøet opptekne av matkultur, miljø og berekraft, og finn saman på setra. Men det er ikkje noko ekkokammer. Ulike folk kjem hit av ulike grunnar. Nokon for det sosiale, andre for å læra om jordbruk, medan somme berre fordi det er kjekt å gjera noko annleis ein dag.

Visjonen for den vesle setra, er å gjera staden til ein permanent, sosial stad for matproduksjon, arkitektur, utdanning, kunst og kultur.

Bybonden ynskjer å leggja til rette for utveksling av frø, kunnskap og relasjonar. Ein stad som vernar om noko som er viktig for dei, i ein sosial kontekst.

Det alternative stammefolket på Losæter har fått rydda suppeskålene av bordet, og somme har plass til litt dessert. Den søte lukta av lappar avløysar fårikålen, samstundes som sola forsvinn bak ein av dei store, grå bygningane som omkransar den grøne oasen. Praten tek seg opp att, og dei vaksne fortset der dei slapp før middag. Det ser ikkje ut som det hastar med å koma seg heim, for nokon. Borna, eller musketerane, har funne fram att sverda sine, og er attende i leiken. Det går mot kveld, etter ein vellukka og produktiv dag på setra.