

Strikking og drikking på kulturhuset
Initiativtakar, Ninaz Khodababdeh, ynskja å skape ei hending der alle kunne kjenne seg velkomne, uansett strikkenivå.
– Eg byrja å strikke i byrjinga av fjoråret, så eg har ikkje strikka så lenge. Det visar berre at det ikkje er så vanskeleg, og at alle kan få det til om dei prøvar, forklarar Khodababdeh.
Khodababdeh ynskja å skape eit lavterskeltilbod til strikkeinteresserte, der dei kunne møte andre likesinna.
– Eg hadde lyst til å starte eit strikketreff som er avslappa, der alle kan kjenne seg velkomne, anten dei aldri har strikka før, eller har strikka i 50 år, der ein kan sitje og strikke og skravle, avsluttar ho.