Ein barbie og ei havfrue er to av dei nye leikene Aya Bengea har fått. Foto: Marie Blindheim.

Borna bytter leiker

Laurdag arrangerte Deichman Bjørvika byttedag, der born kunne gi frå seg gamle leiker og bytte dei med noko anna.
Søndag, 28 november, 2021 - 11:37

Aya Bengea og pappa Ali Bengea er to av dei som har teke turen til biblioteket. Dei syns byttedagen er ein bra ting. 

– Alt som er for born er bra, meiner pappa Bengea. 


Det var mange leiker å velje mellom på byttedagen. Foto: Marie Blindheim. 

Aya er ivrig med å vise fram den nye spegelen ho har fått. Ho har blant anna også fått ei havfrue, ein pose med klinkekuler og ei barbiedukke. 

– Det er greitt å gi bort leiker. Andre unger kan få leike med dei, seier ho. 

Leiker til alle

Pappa Ali Bengea syns det er bra at alle kan ta med seg dei leikene dei vil ha. 

– Det er ikkje alle familiar som har råd til å kjøpe så mange leiker. På byttedagen kan borna få velje dei leikene dei har lyst på, seier han. 

Dette er også noko Nora Nordskar Hoel trekk fram. Hoel er ansatt i biblioteket, og syns det er veldig gøy å sjå kor stas byttedagen er for borna.

– Dei kan bli kjempeglade av berre ein liten plasthest, som ikkje eigentleg er verd så mykje. Det er gøy å sjå kor morosamt dei har det med å kunne plukke ut leiker sjølv, fortel Hoel. 


– Byttedagen var ein suksess i fjor, fortel ansatt Nora Nordskar Hoel. Foto: Marie Blindheim

Berekraft

– Å bytte til seg nye leiker, i staden for å kjøpe nye, er bra for å bremse litt på denne kjøp-og-kast-trenden vi har i samfunnet vårt. Byttedagen er ein direkte måte å vere meir berekraftig på, seier Hoel. 

Ho trekk også fram at mange kjøper mykje på denne tida av året, og det er derfor bra med slike arrangement. 


Borna kan plukke med seg dei leikene dei vil, uavhengig av kor mykje dei leverte frå seg. Foto: Marie Blindheim

Ulike reglar

Sjølv om konseptet for byttedagen var å ta med leiker heimanfrå og bytte til seg nye, var ikkje reglane rundt det så strenge. 

– Nokon har kanskje ikkje med seg leiker til biblioteket i det heile teke, men det er fortsatt lov å ta med seg noko heim, seier Hoel. 

Hoel fortel at ho trur mange har alt for mange leiker heime, medan andre ikkje har så mange. 

–  Det er ser ut som det er veldig forskjelleg kva foreldra gir borna lov til. Nokon seier til borna at dei kan bytte éi leike mot ei anna, medan andre er mindre strenge på det, fortel ho. 


Ali og Aya Bengea er ivrige med å vise fram dei nye leikene. Foto: Marie Blindheim

Viktig læring

Pappa Ali Bengea trur byttedagen er bra for borna. 

– Dei lærer å gi, seier han. 

Både Aya og pappa Ali ser ut til å vere godt fornøgd med dagen.