Straffet for kritisk journalistikk

Bambang Harymurti kritiserte ein av Indonesias rikaste menn, og vart dermed dømt til fengsel for ærekrenkjing. Dette førte til reaksjonar verda over.
Onsdag, 16 mai, 2012 - 12:28

Den anerkjende journalisten Bambang Harymurti har vore redaktør for nyheitsmagasinet Tempo sidan 1999, og er i dag ein del av det indonesiske presseutvalet. Han har vorte møtt med både vald og fengselsstraff for arbeidet sitt, og spelte hovudrolla i det som vart ei av dei mest omdiskuterte pressefridomssakene i landet.

Valdelege reaksjonar

Tempo skreiv i 2003 ei kritisk sak om næringslivsgiganten Tomy Winata. Det vart antyda at Winata var ansvarleg for ein brann på ein tekstilmarknad, og at brannen gav han stor økonomisk vining.

Oppslaget førte til at 200 av Winata sine støttespelarar samla seg utanfor hovudkontoret til Tempo, der dei protesterte høglydt og truga med å setje fyr på bygninga.

Ein av Tempos reporterar vart lettare skadd i demonstrasjonen, og både ansvarleg redaktør Harymurti og ein av medarbeiderane hans vart banka opp på veg til politistasjonen. Ifølgje den internasjonale journalistorganisasjonen CPJ  var det politi til stades når dette hende, men utan at nokon greip inn.

Dømd for ærekrenkjing

Redaktør Bambang Harymurti vart dømt til eitt år i fengsel av sentraldomstolen i Jakarta i september 2004. Dommen vart grunngjeve med ærekrenkjing og falske skuldingar, og innebar også 56 000 dollar i erstatning til Winata.

Harymurti meinte sjølv at rettssaken ikkje føregjekk på lovleg vis.

- Er denne saka, og andre liknande tilfelle, eit varsel om slutten på nok eit kortvarig demokratisk eksperiment i Indonesia? skreiv Harymurti i eit blogginnlegg etter å ha blitt dømt i retten.

Han vart sidan frikjend av indonesisk høgsterett, som uttala at dei ønskte å sikre vernet av journalistar, og samstundes vise at pressa sine rettar veg tyngre straffelova.

Maryaki vart fyrst dømt til eitt år i fengsel for ærekrenkjing, men vart sidan frikjend av Høgsterett i Jakarta. Foto: WikiCommons.

Truga pressefridom

Fem av demonstrantane vart også sikta for opptøya, men berre éin av desse hamna i fengsel. Saka fekk stor merksemd i både nasjonale og internasjonale media, og Amnesty International betrakta Harymurti som samvitsfange. Hele 32 presseorganisasjonar frå heile verda skreiv også under på eit opprop mot indonesiske myndigheiter.

- Denne saka syner at myndigheitene ikkje anerkjenner ytringsfridomen som ein viktig del av den demokratiske prosessen, uttala advokat Nono Anwar Makarim til The Washington Post etter dommen. 

Både han og andre skeptikarar kritiserte staten for å ta opp tiltale på vegne av ein einskild person, og betrakta det heile som ein trussel mot ytringsfridomen.

På omtrent same tid vart også to andre indonesiske aviser dømde for ærekrenkjande ytringar.