Spenning til siste slutt: Lillestrøm kvinner har vore suverene dei siste åra, men i år avgjer siste seriekamp. Foto: Presse, LSK kvinner

Siste runde avgjer: Kven tar kva i årets Toppserie?

Toppserien er for fyrste gong på fleire år ikkje avgjort før siste runde.
Tirsdag, 1 november, 2016 - 12:36

Det er spenning heilt til siste slutt i Toppserien. Gullplassen, bronseplassen, kampen om sjetteplass og direkte nedrykk står mellom fleire lag. Lillestrøm kunne avgjere forrige helg, men spelte uavgjort mot Stabæk. Då gjenstår det å sjå kven som tek gullet. Avaldsnes må vinne for å ha moglegheit til å gå forbi, men til gjengjeld må Lillestrøm tape. I tillegg har Avaldsnes ein tøff kamp mot tredjeplassinnehavaren Stabæk, der Stabæk kan klare seg med uavgjort for å sikre bronsen. Lillestrøm derimot, spelar siste kamp mot Sandviken, laget som kjempar om sjetteplassen. Kolbotn spelar siste kamp mot Trondheims-Ørn, ein kamp der begge lag spelar om viktige poeng. 

Botnstriden er heller ikkje avgjord. Kven rykker direkte ned, og kven må spele kvalik? Medkila ligg per dags dato foran Urædd med to poeng. Medkila møter Klepp heime i siste runde, medan Urædd får Vålerenga på besøk. Begge kampane er rekna som tøffe, men Urædd har statistisk sett ein enklare kamp føre seg. Urædd har alt å spele om, medan Vålerenga ligg trygt og godt på tiendeplass. 

Sikker i si sak 


Kvinnefotballmagasinet: Jan Reidar Vågsdalen har ein eigen nettstad der han skriv om kvinnefotball.
Foto: Privat

Jan Reidar Vågsdalen, fotballekspert frå kvinnefotballmagasinet.no, syns det er mykje spenning årets serie. Han seier det er mange moment som ikkje er avgjord enda. Gullkampen, den verdifulle turen til La Manga og kampen om kvalikplass, er ikkje tildelt nokon enda. I spørsmål om kven som tar kva, er han sikker i si sak. 

- Lillestrøm tar gullet. Dei treng berre uavgjort, og har ein ganske enkel kamp mot Sandviken. I tillegg har dei fordel på heimebane, og dei taper sjeldent heime på fortet sitt. Når det gjeld Avaldsnes, så syns eg dei har hatt ein bra sesong, men tapet mot Kolbotn tidlegare i år gjorde at dei mista taket på gullet, seier Vågsdalen. 

Jamne kampar 

To kampar han trekk fram som ekstra spennande til helga, er kampen mellom Avaldsnes og Stabæk, og Kolbotn og Trondheims-Ørn. 

- Eg trur Stabæk greier ta poeng mot Avaldsnes. Men Kolbotn og Trondheims-Ørn på Ranheim Arena, det blir eit fyrverkeri av ein kamp. Gevinsten er veldig stor for begge lag. Kolbotn i kamp om bronsen, medan Ørn vil jo gjerne ha sjetteplassen. Begge er naudt til å vinne, fortel fotballeksperten. 

Botnstrid 

Medkila ligg på ellevte plass, to poeng foran Urædd. Begge lag har alt å spele om i siste kamp. Vågsdalen trur begge lag vil ta poeng til helga. 

- Botnstriden har stortsett vore openbar i heile år. Begge lag har vist tendensar til godt spel, men det hjelp ikkje utan sanking av poeng. Medkila skal ut i strid mot Klepp, eit lag som har totalt slått av brytaren utan ei gravid Gry Tofte Ims. Der trur eg Medkila tar poeng. 

Når det gjeld kampen i Porsgrunn, held Vågsdalen ein knapp på Urædd, fordi Urædd har så mykje på spel, medan Vålerenga har ingenting. 

- Det blir tøft for Urædd, seier han. 

Resultat 

Så kva trur Jan Reidar Vågsdalen resultata blir? Me har fått tips. 


Ikkje avgjord: Slik ser tabellen ut før siste serierunde. Foto: Skjermdump frå www.scoreboard.com

Lillestrøm-Sandviken: 5-0 

Avaldsnes-Stabæk: 1-1 

Trondheims-Ørn-Kolbotn: 1-1

Medkila-Klepp: 2-1

Urædd-Vålerenga: 1-1

 

Tidlegare år

Lillestrøm har dei to siste åra vore overlegne og vunne Toppserien. I fjor rykka Amazon Grimstad ned. 

 

 

 

 

 

 

Emneord: 
Tags: