- Pasienten blei behandla for skabb heime, men den var ikkje verknadsfull, seier overlege Silje Jørgensen. FOTO: UNN / Flickr

Stort utbrot av skabb på Ahus

I løpet av månadsskiftet september-oktober har førti personar vorte smitta av skabb.
Torsdag, 3 november, 2016 - 10:53


VANLEGE SYMPTOM: Raude prikkar
og plagsom kløe er døme på skabb. Foto: NHI.no

Den 7. oktober meldte Ahus at det pågjekk eit utbrot for skabb. Inkubasjonstida for skabb er 6 veker lang, og difor vil det ta lang tid før utbrotet er under kontroll. 

Grunnen til utbrotet var ein pasient som blei overført frå Rikshospitalet i byrjinga av september, melder VG. Pasienten var behandla for skabb heime, men då han kom til sjukehuset, hadde han forsatt skabb på kroppen. 

Så langt er 29 ansatte og 11 pasientar smitta. 

Fakta om skabb

* Skabb er ein hudsjukdom som kjem av skabbmidd

* Ein får raude og kløande prikkar i huda på grunn av at sabbmidden grev og legg egg

* Typisk for tilstanden er plagsom kløe

* Skabbsmitte er vanleg blant unge voksne

*Skabbsmitte har vorte sjeldnare dei siste tiåra 

Reknar med å ha situasjonen under kontroll 

Silje Jørgensen, smitteoverlege hjå Ahus trur situasjonen er under kontroll. 

- Siste utbrot blei registrert den 24.Oktober, og det ser ikkje ut at det blir fleire no, seier ho til VG. 

To typar skabb 

Skabb utbreiar seg normalt med rundt 5-15 midd om gongen. Ein slik situasjon er sjelden stor smittefare av. Personen som forårsaka smitten på Ahus, hadde skorpeskabb.

Denne tilstanden er lik vanleg skabb, men forskjellen er at den same midden utbreiar seg i større mengder. Ved denne typen utbrot, er smittefaren meir alvorleg, skriv Folkehelseinstituttet.  

 

 

 

Emneord: 
Tags: