Fleire faktorar verkar inn på fråveret av minoritetsjenter i idretten. FOTO: Utenriksdepartementet UD (flickr.com)

Minoritetsjenter deltek mindre i idrett

Økonomi set begrensingar for barn i deltakinga av idrett, og mest fraverande er minoritetsjentene.
Mandag, 27 mars, 2017 - 15:24

Ei undersøking gjort av Sparebank 1 viser at 1 av 3 familier ikkje let borna starte med idrett fordi det er for dyrt. 78% av dei som tener under 400.000 i året svarte at dei ikkje introduserer borna sine til idrett.

Norges Idrettsforbund seier at barnefattigdom hindrar idrettsglede. Statistikk frå SSB viser at det er ein klar samanheng mellom låg husstandsinntekt og deltaking i idrett.


Data frå rapporten til Guro Ødegaard som viser forskjellane mellom kjønn i borne- og ungdomsidretten. Illustrasjon: Synne Sofie Christiansen

Forskjellar mellom kjønn og bakgrunn 

I tillegg viser ein rapport gjort av Guro Ødegård frå Senter for forsking på sivilsamfunn at det er ei skjeivfordeling av medlemmar. Det er størst overvekt av medlemmar frå ressurssterke, etnisk norske familiar. Mest fråverande er jenter med fleirkulturell bakgrunn.

Dersom ein samanliknar minoritetsjenter- og gutar ut frå tabellen, er det dobla i talet gutar som deltek. Kva som er grunnen har Vibeke Thiblin, dagleg leiar i Sagene IF, grubla ein del på.

– Eg trur minoritetsjenter har mindre fridom enn gutar, og prioriterer andre aktivitetar høgare enn sjølve idretten. I tillegg er foreldrene generelt meir engstelege for døtrene enn sønnene sine. Det er større sjans å sjå ein gut springe rundt på Voldsløkka på kveldstid enn ei jente, seier Thiblin.

Thiblin opplyser at Sagene IF har tilsammen 1611 medlemmer og cirka ein fjerdedel av desse er jenter, men dette er lågare enn i andre klubbar. Om det er økonomien som er grunnen til fråveret, er ho usikker på.

– Dersom me samanliknar med minoritetsgutar, er det jo mange fleire av dei som er med. Det ligg fleire barrierer bak enn berre økonomiske grunnar, seier Thiblin. 

Fraværande deltaking blant minoritetsjenter

Dei siste ti åra har gapet mellom ungdom med og utan minoritetsbakgrunn auka.

Rapporten viser at familierressursar er den tydelegaste faktoren til at minoritetsungdom har lavare deltaking enn andre. Likevel deltek minoritetsjenter mindre i idrett enn andre, uavhengig av familieressursar. Undersøkinga til Ødegaard viser at jentene er mindre opptekne av organisert trening og brukar meir tid til skulearbeid.

Kulturdepartementet legg vekt på at godene idretten gir, som økt sjølvinnsikt, sjølvtillit, glede og samhald i saman med andre, er viktig. Dei meiner det er ei utfordring at ein del av befolkninga er ekskludert frå eit felleskap som idretten skapar.

Viktig å få med fleire frå starten av 

Sagene IF vil vere ein klubb for alle, og tilby aktivitetar for ein kvar. Klubben håpar skilnaden mellom minoritetsjenter- og gutar vil endre seg i komande år. 

– Vi har ein formeining om at alle må vere med frå start. Dersom me er flinke til å informere, både bornet og foreldrene, trur eg fleire vil delta. Problemet ligg ikkje i at folk sluttar, men at born aldri byrjer, seier Thiblin.

Opplysningsarbeid ligg høgt i rekrutteringsarbeidet til Sagene IF. Målet er å få i gong fleire frå starten av, uavhengig av kjønn.

I tillegg er idretten er den organisasjonstypen som samlar flest til frivillig arbeid. Det er ein sosial møteplass for foreldre, barn og unge. Då barn av innvandrarar er underrepresenterte, vil det også gjere at foreldra står utanfor eit viktig felleskap og nettverk, påpeiker rapporten til Ødegård.